Beredskapsøving med uroleg bakteppe

Det er viktig at alle kommunane øver på problemstillingar knytt til totalforsvaret, og derfor gjennomførte Statsforvaltaren i Vestland beredskapsøving med fleire kommunar 3. og 4. mars. Kommunal beredskapsleiing (KBL) saman med politiet, Sivilforsvaret og Heimevernet deltok i skrivebordsøvinga som føregjekk via Teams.

gruppe mennesker i møterom - Klikk for stort bileteStatsforvaltaren kalla inn kommunal beredskapsleiing saman medHeimevernet og Sivilforsvaret til skrivebordsøving i beredskap nyleg. Simon Knutsson Sortland

Scenarioet for øvinga tok føre seg konkrete problemstillingar og hendingar knytt til mellom anna kritisk infrastruktur, personellressursar og digital tryggleik. 

Kommunane som deltok i øvinga øvde frå eigne lokale. I tillegg var representantar frå Politiet, Heimevernet og Sivilforsvaret saman med kommunane. Gjennom dagen var det fleire digitale møte, der kommunane delte synspunkt og problemstillingar med dei andre som øvde.
Øvinga vart leia av fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

Bømlo kommune er godt førebudd

- Ei svært nyttig øving med eit dagsaktuelt scenario i det nyheitsbiletet vi har med den geopolitiske situasjonen i dag. Utanrikspolitikk og innanrikspolitikk heng saman, og kommunepolitikken er ikkje upåverka av denne. Det er veldig nyttig å øve i lag med andre kommunar og få informasjon og innspel om korleis dei løysar oppgåvene. Eg er også trygg på at det planverket og den kompetansen me har i heile kommunen gjer oss godt førebudde for å handtera det meste, oppsummerer kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.