Bilhuset Bømlo er eit Miljøfyrtårn

- Gratulera med Miljøfyrtårn-sertifisering. Dette er eit kvalitetsstempel for alle bedrifter, sa ordførar Morten Helland då han nyleg overrekte Miljøfyrtårnskiltet til Atle Christensen i Bilhuset Bømlo.

to menn med miljøfyrtårnskilt mellom seg - Klikk for stort bileteAtle Christensen i Bilhuset Bømlo får overrekt kvalitetsstempelet Miljøfyrtårn av ordførar Morten Helland. Simon Knutsson Sortland

- Det er kjeda vår Dekkpartner som vil at alle medlemene skal vere Miljøfyrtårnsertifisert. Eg fekk beskjed i januar og det vart ein intensiv periode med å dokumentere alle rutinar og få alt på plass. Me er ei lita bedrift, så eg hadde det meste av dette oppe i hovudet før, seier ein nøgd bedriftseigar, Atle Christensen i Bilhuset Bømlo.

Om ordninga MIljøfyrtårn

Å bli sertifisert som Miljøfyrtårn er langt meir enn berre søppelsortering. Det syner at du har alt på stell innan HMS og mange ulike lovkrav. Mange kundar og det offentleg krev i mange tilfelle at verksemda skal vere Miljøfyrtårn. - Om me ikkje får umiddelbar effekt, trur eg nok me også tener økonomisk på dette sjølv om det kostar litt. Du må vere up to date då det krevst resertifisering av stempelet kvart 3. år, meiner Christensen.

- Dette er først og fremst eit kvalitetsstempel, og vil bli viktigare framover, meiner ordføraren. Han er glad for kvar nye Bømlo-verksemd som får sertifiseringa. Det er også eit arbeid kommunen som organisasjon har fokus på med fleire Miljøfyrtårnsertifiserte einingar.