Bjørnis med på stortilt opning for ny brannstasjon

Stortingsrepresentant, ordførar, kommunedirektør, brann- og politisjef vart alle stilt i skyggen av Bjørnis under den offisielle opninga av den nye hovudbrannstasjonen på Svortland tysdag. - Dette er ei stor glede og ære for meg, sa ein stolt ordførar Morten Helland då han klyppa snora. Brannsjef Ove Halleraker lova ein open dag for bygdafolket seinare i juni.

bjørnis dansar foran skuleelevar - Klikk for stort bileteVår eigen Bjørnis dansa for første gang ved opninga av den nye brannstasjonen.- saman med brannførebyggjarlærling Dina Ovidia Karlsen. Simon Knutsson Sortland

Førsteklassingar frå Svortland skule møtte forventningsfulle opp for å møta sjølvaste Bjørnis. Brannsjef Ove Halleraker i Bømlo brann og redning lova dei at dei skulle få både dansa og få ta bilete i lag med Bjørnis, men dei måtte først høyre på ordføraren sin opningstale. Ordførar Morten Helland drog dei korte historiske linjene og den kronglete vegen fram til bygget i dag stod klart for opning. Ikkje minst etter pålegg frå Arbeidstilsynet i 2017, noko også brannsjef Halleraker trakk fram som vesentleg i sin opningstale.

- Dette er ei stor historisk hending for Bømlo kommune. Avstanden frå gamle brannstasjonen og opp hit er kort for trente brannfolk. Men opplevd avstand frå tilhøva de hadde til dei de no får vil opplevast enorm, sa ordføraren. Han understreka kor viktige brannmannskapa er for vår tryggleik, og rosa innsatsen deira. 

Ordføraren takka og administrasjonen, særleg prosjektleiar Erlend Flornes Skaret, for arbeidet dei har lagt ned i arbeidet med å få fullført bygget. Han understreka at ansvaret for tryggleik og beredskap er blitt utvida i den seinare tid. - Dette bygget vil vere med og styrka grunnberedskapen i Bømlo kommune og vil gagna oss i mange tiår framover. Det er og svært gledeleg at me får ei samlokalisering med politiet no. Gratulera med dagen!

klypping av snor - Klikk for stort bileteOrdførar Morten Helland ved hjelp av brannkonstabel Lena Aakre Aarland og lærling brannførebyggjar Dina Ovidia Karlsen (t.v) klypper snora ved offisiell opning av ny hovudbrannstasjon. skjermdump video

- Ein stor dag

-  Det var rørande å sjå kortesejen med alle brannbilane opp frå gamle til nye stasjonen i går.  Eg har fått fulgt prosessen frå min første arbeidsdag 1. september i 2020. Det har vore ein tøff kamp men ein lærerik prosess. Debattane om lokalisering, utsmykning, kryssen og konkursen og no fram til ferdigstilling. Det er på høg tid, men for eit resultat, understreka kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter. Han drog fram brannen på Aga som dei kjempa mot i fleire dagar, og minna om kva tilhøve dei då kom tilbake til etter endt innsats. 

Kommunedirektøren takka politikarane og politisk leiing for det dei har stått i og det mot dei har synt. Vidare takka han brannmannskapa som styrer beredskapen og heile den enorme laginnsatsen som vert synt. Aga Gjøsæter hadde med tre blomebukettar for å takka særskilt brannsjefen, prosjektleiaren og innkjøpsleiar Ilja Serov for jobbar vel utført. Stasjonssjef Marit Ellingsen ved Stord politistasjon var nøgd med at dei no er samlokalisert i eit topp moderne bygg med brannvernet, og at dette vil bety at politiet vil bli meir tilstades og synleg på Bømlo framover. 

Styrkar beredskapen

- Mannskapa i Bømlo brann og redning og Bømlo kommune fått eit beredskapshus som vil betra beredskapen, auka motivasjonen og styrka kompetansen til alle brannmannskapa, både dei 19 konstablane her men også resten av brannstyrken ved dei andre stasjonane, meiner tillitsvald Øyvind Marsteen. 

- Ordninga med deltidsmannskap vil i hovudsak bestå framover, og det er høg standard på norske brannmannskap. Når det er sagt er deltidsmannskapa like utsett for fare og helserisikoar som fulltidstilsette brannmannskap, påpeika stortingsrepresentant Odd Harald Hovland (Ap) som sjølv har vore bidragsytar for å få realisert ny brannstasjon.

- Eg er imponert over dette bygget når eg hugsar tilbake til den lille garasjen me hadde brannstasjon i på byrjinga av 1980-tallet. Så ta godt vare på det, oppmoda Karl Otto Andersen som var tidlegare nestleiar i teknisk etat og brannmannskap i Bømlo kommune.

- Dette er flott du, strålar ein kjempenøgd og stolt Magnus Ørstavik som har fulgt brannmannskapa og bygginga av ny brannstasjon tett.

Brannstasjonen er kostnadsrekna til 75,8 millionar kroner.

Til toppen