Bli med og gå for Parkinson

I fjor samla Rannveig Ingebretsen og Jan Kvinnesland over 150 deltakarar til Parkinson Unity Walk på Bømlo. Laurdag 13. juni har dei fått med seg både helseminister og ordførar til å gå i brodden for årets tur i Fetløypa.

mann og dame i skogkant - Klikk for stort bileteRannveig Ingebretsen og Jan Kvinnesland inviterer til Parkinson Unity Walk i Fetløypa 13. juni 2026. Linn Valentinsen

I fjor samla Rannveig Ingebretsen og Jan Kvinnesland over 150 deltakarar til Parkinson Unity Walk på Bømlo. No er dei i gong att og oppslutnaden er allereie på veg til å slå fjoråret. Målet er enkelt og viktig, nemleg å setja Parkinson på dagsorden og samla inn midlar til forsking.

Då Jan Kvinnesland fekk diagnosen i 2019, starta ein ny kvardag for dei begge. Sidan har dei mobilisert med både fellesturar, spleis og kreative tiltak. «Det er ikkje meg det hjelper, men neste generasjon», er bodskapen deira. Mange på Bømlo vil vera med og gi håp.

I år får arrangementet også storfint følgje då helseminister Jan Christian Vestre og ordførar Morten Helland går saman med oss. Turen går i Fet-løypa, som er universelt utforma slik at alle kan delta i sitt eige tempo. Ta med ein ven, naboen, familien – eller kom åleine og gå saman med andre.

Oppstart: Maurtua barnehage, Idrettsvegen 110. Tid: 13. juni kl. 12.00
Kontakt: 415 46 739 / rannveig.ingebretsen@haugnett.no

På døra veke 23 - Gå for Parkinson (PDF, 241 kB)

aktivitetskalendar - Klikk for stort bileteAktivitetar 8. til 14. juni.

Om prosjektet På døra

Tema i veke 24 i informasjonsskrivet På døra handlar om arrangementet Gå for Parkinson. På døra vert av postboda levert ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august 2023 med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på. I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. 

Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar og mottek informasjonsskrivet i postkassa si. Av desse er det omlag 150 som får det levert på døra av postbodet. Det er mogleg å reservera seg mot å delta i dette pilotprosjektet ved å kontakta kommunen, men det er ikkje opning for å melda seg på.

Kontaktpersonar:
 

Elisabeth Holme Knutsen

rådgjevar kultur og idrett

E-post Send e-post

Mobil 91 16 53 77

Johanne Kristiansen

rådgjevar folkehelse og frivilligheit

E-post Send e-post

Mobil 45 38 26 42