Bli med på felles digital visning av Pårørandekonferansen 2026

Fredag 2. oktober inviterer me pårørande, tilsette i Bømlo kommune og andre interesserte til ei felles digital visning av Pårørandekonferansen 2026 i Bømlo kulturhus. Det er gratis å delta, men du må melda deg på.

plakat - Klikk for stort bileteÅrets pårørandekonferanse er 2. oktober.

Årets tema er «Når ansvar møter motstand». Konferansen handlar om kva som skjer når pårørande, fagfolk og tenestene møter eit velferdssystem under press.

Mangel på ressursar, ulike behov og forventningar kan skapa utfordringar både for dei som treng hjelp, dei pårørande og dei som skal yta tenestene. Konferansen ser mellom anna på korleis me kan få til betre samarbeid når behova er store og ressursane avgrensa.

Visninga på Bømlo er del av eit samarbeid mellom Haugesund, Sveio og Bømlo kommune.

Arrangementet er gratis, og første mann til mølla prinsippet. Det vert gratis lunsj og kaffi i pausen for dei påmeldte.

Praktisk informasjon

Dato: 2. oktober
Tid: kl. 10.00–14.30
Stad: Bømlo kulturhus
Kven kan delta: pårørande, tilsette i Bømlo kommune og andre interesserte
Pris: gratis
Form: felles digital visning av konferansen

Meld deg på via Bømlo kulturhus si nettside