Bømlo auka folketalet med 166 personar i 2025

Folkeveksten i Bømlo kommune aukar stadig og ved utgangen av 2025 tel me 12 531 innbyggjarar.

mann presenterer på storskjerm føre publikum i sal - Klikk for stort bileteRekordmange deltakarar på ordførarkaffien der ordførar Morten Helland ynskte velkomen og orienterte om tenestetilboda i kommunen. Simon Knutsson Sortland

- Me gler oss over folkeveksten og ønskjer alle nye bømlingar velkommen. Auken kjem av eit variert næringsliv, behov for arbeidskraft, gode og attraktive bumiljø og eit trygt lokalsamfunn. Dei som kjem hit bidreg både med arbeidskraft og skatteinntekter, og eg trur at gode relasjonar, arbeid og eit sosialt miljø som fungerer, er grunnen til at folk vel å bli verande på Bømlo, seier ordførar Morten Helland. 

Han legg til at me har hatt vise ein relativ auke på 1,3% for Bømlo og 0,6% for landet.

Stabil start på året

Ved inngangen til 1. kvartal i fjor var det 12 459 bømlingar. I løpet av året har folketalet auka med 166 personar til 12 531. Tabellen under syner at Bømlo hadde samla folkevekst i tre av fire kvartal i 2025. 

Ved inngangen til året hadde Bømlo 12 365 innbyggjarar. Første kvartal enda med ein folkevekst på 31 personar. Fødselstala var stabile, og netto innflytting bidrog positivt. I andre kvartal såg me den sterkaste veksten, med ein auke på 50 personar. Dette var særleg på grunn av høg innvandring og netto innflytting.

I tredje kvartal gjekk folkeveksten ned til 13 personar. Fødselsoverskotet var framleis positivt, men mindre enn tidlegare i året. Netto innflytting fall òg samanlikna med første halvår. 

Kraftig auke mot slutten av året

statistikk befolkning - Klikk for stort bileteDet var 12 531 bømlingar ved utgangen av 2025.

Fjerde kvartal hadde den største folkeauken i 2025, med ein vekst på 72 personar. Innvandring og innflytting bidrog klart mest, sjølv om talet på fødslar var lågare enn i dei tidlegare kvartala.

Ved utgangen av 2025 hadde Bømlo 12 531 innbyggjarar. Folkeveksten gjennom året var prega av:

  • jamne fødselstal
  • varierande, men stort sett positiv netto flytting
  • særleg høg innvandring i andre og fjerde kvartal

Den samla utviklinga viser at Bømlo framleis er ein kommune som fleire vel å flytte til. 

Folkevekst i Sunnhordland 2025

📉 Stord
• Minka med 74 innbyggjarar
• 19 276 innbyggjarar totalt
• Fødselsoverskot på 39
• Større utflytting enn tilflytting
• Unge etablerarar vel ofte Bømlo og Fitjar
 

📈 Bømlo
• Størst vekst i regionen
• +166 innbyggjarar
• 12 531 innbyggjarar totalt
• Netto innflytting: +147
 

🌿 Fitjar
• Auke på 29 innbyggjarar
• 3 237 innbyggjarar

 

 

🏔️ Kvinnherad
• +61 innbyggjarar
• 13 236 innbyggjarar
• Fødselsunderskot, men positiv innflytting
 

🏝️ Tysnes
• +67 innbyggjarar
• Også her fødselsunderskot, men samla vekst
 

🌊 Sveio
• +14 innbyggjarar
 

🇳🇴 Heile landet
• Folketalet steig med 33 100
• Totalt 5 627 400 innbyggjarar ved inngangen til 2026