Bømlo - ein av landets beste friluftskommunar
På Friluftsbarometeret som nyleg blei lansert, fekk Bømlo ein 15. plass av kommunane i Noreg og ein 4. plass i Vestland.
Friluftsliv for alle er eit populært tiltak.
Ingebjørg Dale Madsen
Friluftslivet i Bømlo er mangfaldig og legg til rette for eit spekter av opplevingar på sjø og land. Det blir lagt ned eit stort og viktig arbeid gjennom heile året av ulike lag og organisasjonar for å kunne leggja til rette for turar og drive aktivitet i heile kommunen.
Denne plasseringa er ein honnør til alle desse og dette flotte arbeidet som kjem alle som bur her og besøker kommunen til gode.
Friluftsbarometeret
Friluftsrådenes Landsforbund
Sist endra 14.05.2025 11:31