Bømlo får 1,6 millionar kroner til ny fritidsklubb

Bømlo kommune får 1,6 millionar kroner til å etablera Møteplassen på Svortland i gamle BUS. Ungdommane skal sjølve vera med og bestemma korleis den nye fritidsklubben skal bli.

seks gutar spelar bordtennis på to bord - Klikk for stort bileteBordtennis er populært på Møteplassen. Johanne Kristiansen

Bømlo kommune søkte i vår Ungdom og Fritid om pengar til å etablera ein ny fritidsklubb. Over 60 aktørar søkte. Bømlo er éin av 26 kommunar og organisasjonar som no blir ein del av Fritidsklubbløftet.

Pengane skal gå til å etablera Møteplassen i gamle Bremnes ungdomsskule (BUS) og til drift dei to første åra. Målet er å skapa eit ope og varig fritidstilbod for ungdomar frå heile kommunen.

Ungdomane skal forma klubben

- Bømlo ungdomsråd har lenge arbeidd for å få eit ope fritidstilbod for ungdom i kommunesenteret. No skal kommunen, ungdomane og andre samarbeidspartnarar finna ut korleis klubben skal vera, og kva aktivitetar han skal ha. Kommunen håpar at mange ungdomar kjem innom, seier kva dei meiner og er med på å utvikla tilbodet, fortel rådgjevar folkehelse og frivilligheit Johanne Kristiansen. 

Ungdomane skal mellom anna kunna påverka:

  • kva aktivitetar klubben skal ha
  • korleis lokala skal sjå ut
  • kva endringar kommunen bør gjera
  • korleis klubben skal drivast framover

Målet er å skapa ein stad som ungdomane sjølve kjenner eigarskap til.

Ope kvar tysdag fram til jul

gamal skulebygning - Klikk for stort bileteFritidsklubbløftet sikrar drifta av Møteplassen til ungdomane ved gamle BUS. Simon Knutsson Sortland

Fram til jul held Møteplassen ope kvar tysdag klokka 16.00 til 19.00. Her kan ungdomane mellom anna spela biljard, volleyball og bordtennis eller vera med på karaoke. Noko av tida skal også gå til å snakka om korleis klubben skal drivast. Ungdomane kan dessutan vera med på praktisk arbeid og planlegging av endringar i lokala. 

Kommunen vil prøva å halda ope éin eller to fredagar. Då kan også ungdomar som er opptekne med andre aktivitetar tysdag ettermiddag, få høve til å delta.

Byggjer vidare på tidlegare fritidstilbod

Møteplassen skal halda til i gamle Bremnes ungdomsskule. Støtta har gjort det mogleg å gjennomføra nødvendig sikringsarbeid i bygget. Dermed kan kommunen og ungdomane starta på nytt med eit tryggare og meir varig tilbod. - Kommunen skal også arbeida med å få på plass ein person som kan ha det faglege ansvaret for klubben. I tillegg håpar kommunen at nok frivillige vil vera med og bidra, seier Kristiansen.

Bømlo kommune har i mange år drive fritidsklubbar i ulike former på Langevåg og Moster. For ein del år sidan fanst det også eit tilbod på Bremnes. Det siste større forsøket på å skapa eit fast tilbod på Bremnes var Ungdomsloftet. Dette tilbodet måtte leggja ned fordi det mangla ressursar.

Etter at Ungdomsloftet blei lagt ned, har ungdommar og nokre få frivillige gjort ein stor innsats for å halda eit ope tilbod i kommunesenteret i gang. Det frivillige arbeidet har vore viktig for å halda hjula i gang fram til no.

Med støtta frå Fritidsklubbløftet kan kommunen etablera tilbodet på ein meir solid måte. Målet er at Møteplassen skal få lang levetid.

Ungdomane har etterlyst ein open møteplass

Ungdata 2024 viste at færre ungdomar i Bømlo er aktive på fritida enn landsgjennomsnittet. Tala for Bømlo ligg også under gjennomsnittet i Vestland. Samlingar og arbeid i Bømlo ungdomsråd har vist at ungdomane ønskjer seg eit ope og livssynsnøytralt tilbod i denne delen av kommunen. Tilbodet skal vera ope for alle, og ungdomane skal få vera med og styra utviklinga.

Det finst allereie gode tilbod, som Bømlo Ten Sing på Svortland og Zoom In på Gilje. Ungdomane har likevel fleire gonger sagt at dei ønskjer seg ein eigen, open og ungdomsstyrt møteplass. Kommunen ønskjer at tilboda skal utfylla kvarandre og samarbeida der det er naturleg.

Gler seg til å sjå tilbodet på plass

Generalsekretær Emma Portin i Ungdom og Fritid seier at organisasjonen gler seg over engasjementet i Bømlo. - Det er fantastisk å sjå det store engasjementet for den nye fritidsklubben på Bømlo, og me gler oss til å sjå tilbodet koma på plass. Dette er ei satsing me har ønskt oss lenge. Me er svært glade for at Gjensidigestiftelsen valde å gjennomføra denne historiske satsinga på fritidsklubbfeltet, seier Portin.

Satsinga kjem til å få mykje å seia for mange barn og unge i åra framover. Difor oppmodar Portin både offentlege og private aktørar om å bli med på satsinga, slik at fleire barn og unge kan få det fritidstilbodet dei ønskjer seg.

Eit nasjonalt løft for fritidsklubbane

portrett ung kvinne - Klikk for stort bileteGeneralsekretær Emma Portin i Ungdom og fritid. Ungdom og fritid, Morten Fredriksen

Ungdom og Fritid er landsforeininga for fritidsklubbar og ungdomshus. Foreininga representerer 751 medlemsklubbar, rundt 3 000 ungdomsarbeidarar og om lag 120 000 ungdommar som brukar klubbane. Visjonen til organisasjonen er «Fritidsklubb for alle, på premissane til dei unge».

Fritidsklubb er den nest mest populære fritidsaktiviteten i Noreg. Det er også ein aktivitet med få hindringar for å delta. Ein treng til dømes ikkje vera medlem av eit lag, ha dyrt utstyr eller kunna noko på førehand.

Fritidsklubbløftet er eit femårig prosjekt i regi av Ungdom og Fritid. Gjensidigestiftelsen finansierer satsinga. Målet er å starta eit stort og varig løft for fritidsklubbar i Noreg.

I dag står om lag 70 kommunar i Noreg utan fritidsklubb. Samstundes har barn og ungdom dei siste åra vore tydelege på at dei ønskjer sterkare fritidsklubbar. Dette kjem mellom anna fram i Ungdata-undersøkingane og rapportane BUSK, Oppdrag 31 og «Et bra sted å være slik barn og ungdom ser det».

Gjennom Fritidsklubbløftet skal det etablerast 26 nye klubbar. Ti av klubbane skal liggja i kommunar som ikkje har fritidsklubb frå før.

Meir informasjon