Agenda Kaupang sin kommuneindeks
“Norges best styrte kommuner: Kommuneindeksen 2025” er ei samanlikning av norske kommunar, basert på om lag 84 nøkkeltal for kvalitet i tenestene, i tillegg til eigne indikatorar for kostnadar og finansar. Føremålet er å gje beslutningstakarar eit lettfatteleg og empirisk forankra bilete av korleis kommunen presterer som tenesteytar. Indeksen er utvikla av Agenda Kaupang for Storebrand Livsforsikring, og omfattar 16 kommunale tenester som grunnskule, barnehage, helse, pleie og omsorg, brann/redning, samferdsel og administrasjon. Tala er i hovudsak henta frå KOSTRA, med tillegg frå direktorat og andre offisielle kjelder. Tjenestene blir vekta etter kor stor del av kommunens budsjett dei utgjer, og kvalitet, kostnadar og finansar tel like mykje i den samla vurderinga.
Les heile tabellen Kommuneindeks 2025
Kommunebarometeret
Kommunebarometeret er ei samanlikning av alle kommunane i landet, basert på til saman 157 nøkkeltal innan 12 ulike sektorar. Føremålet er å gje beslutningstakarar ei lettfatteleg og tilgjengeleg oversikt over korleis kommunen driv. Tala er i hovudsak henta frå Kostra-databasen til Statistisk sentralbyrå, med tal for 2024. I tillegg er det brukt statistikk frå kjelder som Utdanningsdirektoratet, Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Norsk kulturindeks frå Telemarksforsking.