HM Kong Harald V gjekk bort i dag 28. august 2026.
Hans Majestet Kong Harald. Foto Jørgen Gomnæs. Det kongelige hoff
Bømlo kommune lyser fred over HM Kong Harald V sitt minne
Det er med stor sorg me har motteke bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald er død. På vegne av innbyggjarane i Bømlo sender eg våre varmaste tankar til Hennar Majestet Dronning Sonja, den kongelege familien og alle som sørgjer i dag.
Det er også med djup takksemd me minnast HM Kong Harald si gjerning. Kongen har vore høgt elska og samlande for folket vårt. Gjennom meir enn trettifem år på trona viste han klokskap, verdigheit og eit ekte engasjement for menneska han var sett til å tena. Han møtte folk med varme, respekt og humor, og han hadde ei sjeldan evne til å skapa nærleik mellom kongehuset og folket.
Mange på Bømlo vil med glede minnast då HM Kong Harald vitja kommunen vår. Han var her fyrst under signingsferda i 1991, under tusenårsjubileet i 1995 og då han opna Trekantsambandet i 2001. Under alle desse vitjingane er det mange bømlingar som sit att med varme minne og kan fortelja om ein nær og trygg konge.
Me minnast også Kongen som ein som gjennom det han sa og det han var, bidrog til respekt og forståing i det norske folket. Kongen viste dette gjennom korleis han i sorg og i glede, i møte med ulike menneske frå heile landet, viste same respekt, varme og interesse.
Eit av dei siste offentlege minna er den gjensidige respekten i mottakinga av det norske herrelandslaget etter fotball-VM i sommar. Bileta av HM Kongen og landslagstrenaren, begge tydeleg rørte, seier mykje om korleis HM Kong Harald utøvde si gjerning med respekt og ein unik varme og nærleik til menneska han møtte.
Me bømlingar minnast HM Kong Harald si gjerning med takksemd, varme og respekt.
Fred over minnet til HM Kong Harald V.
Morten Helland
Ordførar Bømlo