Planvask til etterfølging for andre kommunar meiner statsforvaltar Liv Signe Navarsete (t.h) og Synnøve Stalheim kommunaldirektør etter formøte om Bømlo sitt arbeid med kommunedelen sin arealdel. Frå kommunen deltok formannskapsmedlem Anne T. Johannessen, utvalsleiar for areal og samferdsel Christer Agasøster, ordførar Morten Helland, fagansvarleg arealplan Renate Torkelsen, kommunalsjef samfunnutvikling Tone Stavland og avdelingsleiar arealbruk Lise Notland.
Simon Knutsson Sortland
– Bømlingane er driftige folk, og det ser me tydeleg i planverket vårt med mange føremål og reguleringsplanar. No ryddar me opp i dette. Planvasken er eit viktig arbeid som me eigentleg skulle gjort for lenge sidan, seier ordførar Morten Helland.
Han fortel at tidlegare la ein berre til nye føremål og nye planar utan å oppheva dei gamle, men no krev Statsforvaltaren at me får orden i systemet. Denne gjennomgangen gir oss betre oversikt, oppdaterte kart og ein kvardagsgevinst ved at planavdelinga slepp å bla seg gjennom fleire lag med gamle planar i same område, understrekar ordføraren.
Eit føregangsdøme
Bømlo kommune gjennomfører no ei stor planvask av både kommuneplanen sin arealdel og dei gjeldande reguleringsplanane. Arbeidet skjer etter krav frå Statsforvaltaren, som peikte på behovet for ein full gjennomgang for å sikre oppdaterte og samanhengande planar. Planvasken skal gi eit betre grunnlag for ny arealdel og gjera det enklare for både innbyggjarar, utbyggjarar og forvaltninga å forstå kva som gjeld.
Kommunen blir trekt fram som eit føregangsdøme i måten me gjennomfører arbeidet på. Dette kjem av den systematiske tilnærminga, brei politisk involvering og god samhandling med regionale myndigheiter, uttala Statsforvaltar Liv Signe Navarsete då ho i fjor vitja Bømlo kommune.
Ein politisk styrt prosess
Kommunestyret har sett ned ei brei politisk arbeidsgruppe som leier arbeidet saman med administrasjonen. Gruppa er leia av ordførar Morten Helland (KrF), med Christer Agasøster (H) som nestleiar og medlemmene Anne T. Johannessen (FrP), Anne Karin Habbestad (Sp) og Karsten Fylkesnes (KrF). Dei fpr god rettleing av rådgjevarane på plan i seksjon samfunnsutvikling, som igjen jobbar tett med eksterne konsulentar frå ABO Arkitekter.
Kvifor me treng planvask
Gjennom fleire år har kommunen lagt til nye arealføremål og reguleringsplanar utan å samtidig rydde i eldre planar. Dette har ført til at mange område har fleire overlappande planlag. Planvasken skal rydda opp slik at gjeldande planar blir tydelege og oppdaterte.
Statsforvaltaren har slått fast at ein slik gjennomgang må vere på plass før ny kommuneplan blir vedteken. Planvasken gir eit betre kunnskapsgrunnlag, meir oversikt og meir presise kart, og han vil også gjera saksbehandlinga enklare i byggjesaker og reguleringssaker.
Slik gjennomfører me planvasken
Planvasken byggjer på prinsipp som er drøfta med både fylkeskommunen og Statsforvaltaren. Alle arealføremål og reguleringsplanar blir vurderte etter tydelege kriterium. Fylkeskommunen sitt arealrekneskap er ein del av grunnlaget.
Nøkkeltal frå planvasken
- om lag 1000 areal i kommuneplanen sin arealdel skal vurderast
- 267 gjeldande reguleringsplanar blir gjennomgått
- 430 merknader kom inn i førre høyring
fordelinga av arealføremål i KPA: - 217 bustadføremål
- 185 fritidsføremål
- 94 LNFS‑område
- 356 naust- og småbåtområde
- 54 næringsområde
Viktig å sjekka din eigedom
Gjennomgangen omfattar både konfliktvurderingar, arealkunnskap og faktisk utbyggingsstatus. Kommunen vurderer kvar eining nøye for å avgjera om ho skal vidareførast, endrast eller fjernast. Ubygde areal blir vurderte strengare enn ferdig utbygde område, og særleg i 100‑metersbeltet og i LNFS‑område skjer det grundige faglege vurderingar.
- Planvasken skal gjera det enklare å forstå kva som gjeld for eigedomar og område. Han gir eit meir oppdatert og oversiktleg plankart og mindre risiko for misforståingar. Arbeidet vil òg frigjera kapasitet i planavdelinga fordi dei slepp å handtera fleire gamle og overlappande planar i same område, seier ordførar Morten Helland.
Han minnar også om at det er viktig å vita at endringar i kommuneplanen sine arealføremål ikkje blir varsla direkte til dei som eig eigedom i området slik ein gjer vde vanlege reguleringsplanar. Difor må innbyggjarar følgja med når planen kjem på høyring.
Målet er at revidert arealdel av kommuneplanen skal ut på andre gongs høyring i løpet av sommaren. Kommunen vil informera tydeleg når høyringa startar, slik at alle får høve til å setja seg inn i endringane og koma med innspel.
Kva er planvask?
Renate Torkelsen på planavdelinga presenterer for formannskapet om styringsgruppa sitt arbeid med kommuneplanen sin arealdel
Simon Knutsson Sortland
Planvask er ei systematisk gjennomgang av alle arealføremål og reguleringsplanar i ein kommune for å:
• avklara om planane enno er gyldige og relevante
• ta bort eller endra gamle planar som ikkje passar med dagens kunnskap, lovverk eller behov
• oppdatere plankartet slik at det samsvarer med faktiske forhold
• styrkja grunnlaget for ny kommuneplan
Bømlo kommune vaskar no 267 reguleringsplanar og ca. 1000 arealføremål i KPA for å få eit ryddigare og meir oppdatert plangrunnlag.