Elevane i 5.-7. trinn ved Svortland skule framførde mellom anna Queen-klassikaren "We will rock you" under konsertshowet for årets TV-aksjon som bidrog til rekordresultatet på 150.000 kroner.
Svortland skule
Elevane ved Svortland skule har sunge, dansa, spelt teater, samla pant og fått med seg næringslivet. Til saman samla dei inn heile 150 000 kroner til TV-aksjonen “Sammen for mennesker på flukt”. Det er ny rekord for skulen. Dei andre grunnskulane våre kan og visa til gode resultat.
Svortland skule har rundt 310 elevar fordelte på 15 klassar. Elevane kjem frå mange ulike land, og nokre av dei veit godt korleis det er å måtta forlata heimlandet sitt.
I år går TV-aksjonen til NRC Flyktninghjelpen. Pengane skal hjelpa menneske som har flykta frå krig og konflikt. Målet er å gi over 400 000 menneske ein trygg stad å bu og håp for framtida.
Glade for å kunne hjelpa
Stolte representantar for Svortland skule som sette ny innsamlingsrekord for Tv-aksjonen 2026. Kaja Nesse Blåsternes (t.v), leiar Maren Sofie Puerto Søvold, nestleiar Stefano Erstad og William Olav Sortland.
Simon Knutsson Sortland
Elevrådsleiaren Maren Sofie Puerto Søvold seier at det kan gjera vondt å tenkja på barn som må forlata heimen sin. - Me er heldige og takksame for den trygge kvardagen me har her på Bømlo.
Saman med kontaktlærar Gørill Haldorsen og elevrådsmedlemane Stefano Erstad (nestleiar), William Olav Sortland og Kaja Nesse Blåsternes ville ho fortelje om innsamlingsrekorden sin. Men det viktigaste synest dei det er å gjera det dei kan for menneske som har det vanskeleg.
- Ein del av medelevane våre har sjølve opplevd å komma til eit nytt land og måtta få nye vener og starta på ein ny skule, fortel nestleiar Stefano Erstad.
- Det var gøy å gå på sponserunde i næringslivet då dei gav oss god respons. Me samla i tillegg inn litt flaskepant på desse rundane. Det viktigaste er at me kan samla inn pengar og hjelpa dei i naud, understrekar William Olav.
Song, dans og skodespel
Elevane gjorde mykje forskjellig for å samla inn pengar. Elevane frå 5. til 7. trinn laga to konsertar i Bømlo kulturhus. Der song og dansa dei, og dei viste fram skodespel. Elevane frå 1. til 4. trinn inviterte til open dag på skulen.
Mange elevar arbeidde for å få alt klart. Sjølv om det var mykje å gjera var det også veldig kjekt, meiner Kaja.
- Det var mykje kjekkare å jobba med dette i staden for ein del kjedelege klassetimar, legg Stefano til.
Panteaksjonen nådde nye høgder
Alle klassane var med på å samla flasker og boksar. Pantinga gav heile 84 683,50 kroner til aksjonen.
I 2025 var totalbeløpet frå Svortland skule til TV-aksjonen 141 000 kroner og pantebeløpet var 74 620 kroner.
Skulen hadde også i år ein konkurranse for 1. til 4. trinn og ein for 5. til 7. trinn. Trinnet som samla inn mest, fekk pizza. I år gjekk pizzasigeren til 7. trinn.
Elevane tok også kontakt med butikkar og andre bedrifter for å få premiar. Dei fekk svært god hjelp frå næringslivet.Hovudpremien var tradisjonen tru ein sykkel som fem verksemder var med og sponsa. Den heldige vinnaren vart Emilie i 1A.
Utfordrar neste års elevråd
Årets elevar kan vera stolte. Med konsertar, open dag, pant, premiar og god hjelp frå næringslivet sette dei ny skulerekord. No sender elevrådet utfordringa vidare: De slår aldri oss!
Rekord på Meling skule
Fullt hus under Opend dag i samband med TV-aksjonen 2026.
Meling skule
Aksjonsveka med open skule arrangement har vore braksuksess på Meling skule i år. Totalt fekk dei inn rekordsummen 100 215 kroner.
- Aldri har me samla inn så mykje til TV aksjonen. Elevane er med god grunn veldig stolte. Dei seier dei har hatt det kjempekjekt og det har vore lærerikt, fortel rektor Katrine Hausberg.
Skulen hadde sponsorløp på tysdag, kveldsarrangement for 1.-4 på onsdag, med utstillingar, uteleikar og kafé i gymsalen. Torsdag var det open skule for 5.-7. med to konserter i gymsalen, utstillingar og kafé for foreldre, sysken og besteforeldre. Heile perioden frå 21.september har Meling skule hatt panteaksjon.
Moster skule samla inn over 125.000 kroner
Elevar frå Moster skule syner stolt fram resultatet av årets tv-aksjon med heile 125.000 innsamla kroner.
Moster skule
- Tusen hjarteleg takk til alle for flott innsats under årets TV-Aksjon 2026 på Moster skule. I år har me samla inn heile 125 027,61 kr til NRC Flyktningehjelpen, skriv Moster skule på Facebook-sida si.
Dei held fram med å seie at dei så stolte over elevane våre som har gjort ein fantastisk innsats. Dei vil òg takka alle tilsette for deira flotte engasjement. - Takk til alle som har bidratt på ulike måtar, med kaker, kaffi, gevinstar, dugnad og gåver. Me er mållause over gjevargleda, skriv Moster skule.
Dei vart som skjend kåra til Årets eldsjel for TV-aksjonen sitt 50. jubileumsår i 2024. Den første TV-aksjonen i 1974 gjekk også til Flyktningehjelpa.
Gilje skule
Gilje skule gjennomførte TV aksjonen tysdag 29 september. Då var det open skule med kafe og ulike aktivitetar ein kunne delta på. Det kom mykje folk på skulen denne ettermiddagen. Gjennom Skuleløp Spleis kom det inn heile 16 351 kroner.
Våge skule
Skuleløp Spleis - 9 500 kroner
Fakta: Dette går pengane til
- TV-aksjonen 2026 "Sammen for mennesker på flukt" går til NRC Flyktninghjelpen
- Pengane skal hjelpa over 400 000 menneske på flukt med å få ein tryggare stad å bu.
- Hjelpa går til menneske i Gaza, Syria, Afghanistan, Sudan, Tsjad og Den demokratiske republikken Kongo.
- Pengane skal mellom anna gå til telt og nødbustader, mellombelse og varige heimar, reparasjon av øydelagde hus og støtte til husleige.
- Pengane skal også gi familiar reint vatn, gode sanitærforhold og juridisk hjelp knytt til bustad, land og eigedom.
Rodeleiarar og organisatorar av TV-aksjonen 2026. Frå venstre Marthe Fotland (Rubbestadneset), Bente Natterøy (Gåsland), Lars Andreas Alvsvåg (Meling), Anne T. Johannessen (Bømlo frivilligsentral), Ken Helge Stavland (Svortland), Alf Helge Greaker (Moster), Anne Gunnhild Halleraker (Bømlo frivilligsentral), Hildegunn Lodden Stautland (Finnås), Anna Waage (Brandasund) og ordførar Morten Helland.
Simon Knutsson sortland