Brannøving i E39 Bømlafjordtunnelen

Statens vegvesen skal tysdag 8. september ha øving i Bømlafjordtunnelen. Øvinga tar utgangspunkt i ein kollisjon og røykutvikling med tre bilar involvert.

kartillustrasjon - Klikk for stort bileteBrannøving i Bømlafjordtunnelen 8. september. Kart. Statens vegvesen

Statens vegvesen melder i ei pressemelding at øvinga i Bømlafjordtunnelen har fokus på:

  • Trippelvarsling, inklusiv tverrfaglig samvirke på nødnett.
  • Felles situasjonsforståing ved bruk av kommunikasjon, samhandling og samvirke med VTS.
  • Felles situasjonsforståing og beslutningstaking knytt til røykspreiing, ventilasjonsstrategi og innsats i tunnel
  • Teste beredskapsplanverket og sikkerheitsutrustning i tunnel

Trafikkavvikling og stenging 

Det blir kolonnekøyring fra 23.00-00.00 på kvelden tysdag 7. september medan tunnelen blir rigga for øvinga.

Øvinga startar klokka 00.00 natt til tysdag 8. september og vil vare maksimalt ein time. I dette tidsrommet vil tunnelen vere stengd.

Frå naudetatene stiller politi og brannvesen. I tillegg kjem Røde Kors med markørar og beredskapsambulanse.