Bu lengre heime

Har du nokon gong tenkt på korleis din bustad vil fungera når du blir skada, gamal eller har mindre overskot? 

illustrasjon - Klikk for stort bileteFør og etter utbetringar for å bu lengre heime.

Har du trapp framføre ytterdøra di? Du kan søkja om tilskot for å få ei trinnfri løysning. 

Har du nokon gong tenkt på korleis din bustad vil fungera når du blir skada, gamal eller har mindre overskot? Har du trapp framføre ytterdøra som gjer at du/dine gjester ikkje kan trilla rullator eller andre hjelpemiddel inn og ut?

Det kan vera smart å gjera endringar med bustaden før helsa sviktar heilt. Du kan søkja om tilskot for å laga ei trinnfri løysing dersom du fyller kriteria til NAV Hjelpemiddelsentral. Kontakt Ergo- og fysioterapitenesta for å få brosjyre, informasjon og/eller hjelp til dette.

Etter utbetring – trinnfri tilkomst, fast dekke, samt ein flott sitteplass! Dette gir ein reell oppgradering av tomta

For å bu lengst mogleg heima bør bad, soverom, kjøkken og stova vera i same etasje som ytterdøra. Badet ditt bør vera stort og hensiktsmessig. Flytt vaskemaskin og fryseboks opp frå kjellaren.

 

På døra veke 10 - Bu lengre heima (PDF, 229 kB)

aktivitetskalender - Klikk for stort bilete

Om prosjektet På døra

Tema i veke 9 i informasjonsskrivet På døra er Bu lengre heime. På døra vert av postboda levert ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på.  I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar.