Bu trygt heime – ein god samtale til påske

Påska nærmar seg, og for mange betyr det rolege dagar, ein god kaffikopp og tid til ein god drøs. Kanskje er dette eit godt høve til å snakke litt om framtida. Korleis vil du ha det når du blir eldre?

illustrasjonsbilete av eldretun - Klikk for stort bileteReforma Bu trygt heime handlar om å skapa gode og trygge lokalmiljø. Skjermdump film Helsedirektoratet

Har du tenkt på korleis du ønskjer å bu, og kva som skal til for at du kan bu trygt heime så lenge som mogleg? I bustaden der du i dag bur, eller i anna og betre tilrettelagt bustad?

For mange av oss betyr det mykje å kunne bli verande i eigen heim. Samstundes kan det vera nyttig å reflektere over korleis bustaden passar dersom du ein dag treng ein rullator, ein rullestol eller litt meir støtte i kvardagen. 

Kanskje er huset greitt som det er, kanskje trengst det nokre små tilpassingar – eller kanskje ønskjer du å bu nærare butikk, skog, kulturtilbod eller familie/vener.

Det kan òg vera fint å snakke om kva som skjer om ein ikkje lenger kan køyre bil rundt til aktivitetar og ærend.

Kva betyr nærleik, tryggleik og fellesskap for deg?

Slike samtalar kan vere nyttige for deg og «dine», og eventuelle endringar ein ser for seg, treng ofte litt modning. Kanskje har du lyst å engasjere deg meir i nærmiljøet og i sosiale arenaer som er, eller som kan etablerast? 

Å bu trygt heime handlar om å planleggje slik at livet kan vere trygt, godt og meiningsfullt – og når behova endrar seg.

Det er aldri for tidleg å begynne å tenkje gjennom kva som er viktig for deg.

Så ta gjerne praten i påska – med familie, naboar eller vener. Ein liten samtale i dag kan bety mykje for tryggleiken i morgon.

Helsedirektoratet har laga ein fin film om å bu trygt heime - Bu trygt heime