Bulyst, bustader og samarbeid i fokus

Nyleg hadde Bømlo kommune besøk av ein delegasjon frå Suldal kommune. Tema for møtet var korleis me kan skapa attraktive lokalsamfunn, styrka «bu og bli lyst» og leggja til rette for næringsutvikling og tilflytting.

mann orienterer møtedeltakarar som sit i hesteskoform - Klikk for stort bileteOrdførar Morten Helland var glad for dei gode samtalane og erfaringsutvekslinga mellom Suldal og Bømlo kommune. Simon Knutsson Sortland

Bømlo kommune arbeider målretta for å utvikla levande tettstader og gode bumiljø. Dette skjer gjennom strategisk infrastrukturutbygging som «Bømlopakken», tett samarbeid med næringslivet og ein aktiv bustadpolitikk. Kulturtilbod, møteplassar og identitetsskapande aktivitetar skal styrka tilhøyrigheit og lokal stoltheit.

– Det er nyttig å dele og samtale om korleis ulike løysingar og nivå i bustadløysingar også bidrar til fellesskap, trivsel og folkehelse både for eldre og yngre. Det er fleire gode dømer på dette hos oss, men det er plass, og nødvendig, med fleire., sa ordførar Morten Helland.

Bømlo har eit sterkt næringsliv innan maritim, mekanisk og marin sektor, og legg til rette for nye arbeidsplassar gjennom god samferdsel og tilgang til areal. Kommunen deltek òg i regionalt samarbeid for å styrka si rolle som ein attraktiv arbeids- og bustadkommune.

– Prosjekt som Banktunet og Teiglandshagen viser korleis me saman med private aktørar skapar framtidsretta bustader for alle livsfasar, la kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter til.

Samarbeid og strategi

mykje folk samla utanfor bustadprosjekt - Klikk for stort bileteEin stor delegasjon frå Suldal kommune ville sjå bustadprosjektet Dalaneset Bryggje på Moster. Simon Knutsson Sortland

Kommunalsjef Kjell Magnar Mellesdal  og rådgjevar helse Christine Grønås Mæland orienterte om korleis helse- og omsorgsektoren i Bømlo jobbar med at eldre kan bu lengst mogleg heime og om omsorg + bustadar.

Delegasjonen frå Suldal stilte med 17 personar inkludert varaordføraren, kommunedirektøren, formannskapsmedlemene og folk frå administrasjonen. Dei delte erfaringar frå sitt arbeid med stadsutvikling og tilflytting. Det er ein tverrfagleg og heilskapleg tilnærming til næringsutvikling, rekruttering, bustader og bu- og bli-lyst. Gjennom eit moglegheitsteam arbeider dei for å sikra samanheng mellom planane for bustad, næring og rekruttering. Samtidig har Suldal auka fokus på merkevarebygging og stadsutvikling.

– Det er inspirerande å sjå korleis Bømlo jobbar strategisk med bustader og næringsliv. Me tek med oss gode idear heim, seier moglegheitsutviklar Anne Marie Lofthus i seksjon for Kultur- og samfunnsutvikling.

- Viktig å skapa fellesskap

Etter presentasjonar og erfaringsutvekslingar mellom kommunane på rådhuset gjekk turen frå Svortland til Moster. Her fekk gjestene sjå plasseringa av dei planlagde prosjekta ved Teiglandshagen, Moster servicesenter og Banktunet. Ikkje minst var to av dei private initiativtakarane Berit Laila og Leif Arvid Ersland med og fortalde om kvifor dei jobbar for dette prosjektet.

tre personar i samtale med gruppe folk i bakgrunnen - Klikk for stort bileteBerit Laila og Leif Arvid Ersland i samtale med moglegheitsutviklar Anne Marie Lofthus (t.h) frå Suldal kommune. Simon Knutsson Sortland

- Mange eldre sit berre og ventar på besøk frå heimetenesta,  og mange er einsame. Det vil me gjere noko med, og ved å få til slike buprosjekt skapar me fellesskap og der bebuarane kan hjelpe kvarandre, understreka dei. 

Delegasjonen var innom Dalaneset Brygge som dei hadde lært om gjennom ein konferanse i regi av Husbanken. Her orienterte Aage Vikse og Torbjørn Torkelsen frå Dalaneset AS om prosjektet der ei gamal industritomt vart omgjort til eit attraktivt bustadområde. Dei orienterte om godt samarbeid med kommunen, fylkeskommunen og Husbanken og om sine tankar for å få prosjektet realisert. Dei er no klare for byggjesteg 2. Sjå Husbanken: Dalaneset brygge – ein god stad å leve heile livet 

Ei ekspressomvising i Moster amfi og begge utstillingane fekk gjestene også med seg før Suldalsbussen tok dei heim att i snøvêret.