Christer Agasøster (H) tok ordet i kommunestyremøtet under behandlinga av klagesakene til reguleringsplanen for Busthorn.
Simon Knutsson Sortland
Leif Christian Mæland Andersen fremja på nytt Senterpartiet sitt forslag om å oppheva planvedtaket og ta klagene til fylgje på grunn av det dei meiner var omfattande manglar i kunnskapsgrunnlaget. Sp vil ha gjennomført ei grundig konsekvensutgreiing og ei uavhengig handelsanalyse for å vurdera korleis reguleringsplanen vil påverka eksisterande handels- og næringsliv i Bømlo kommune, særleg med tanke på sentrumshandelen. Leiar i Utval for areal og samferdsel Christer Agasøster meinte vedtaket frå utvalet står seg godt.
Sjå heile debatten på kommunestyre-tv
Oppseiingstid i omsorgsbustadar
Kommunestyret handsama ein interpellasjon frå SV om oppseiingstid i omsorgsbustader. Det var fleire spørsmål kring ordninga, og om ein kunne påleggje BKE å endre oppseiingstida frå 3 til 1 månad ved dødsfall. Det vart påpeikt at oppseiingstida går begge vegar, og at det finst ordningar som gjer at ein ikkje vert økonomisk skadelidande.
Vidare at ein praksis som på generelt grunnlag fritar eller gjer oppseiingstid kortare, vil føre til kostnadar for selskapet som må takast inn på dei andre bustadane og deira betalande bebuarar. Noko som ikkje vil vere rimeleg.
Jørgen Søvold (H), leiar i Utval for Levekår, understreka at mykje kan ordnast ved å ta kontakt med BKE då folk har ulike behov når leigetakar fell frå eller kjem på institusjon. Det er Formannskapet som eigar som må adressera denne saka med styret i BKE AS, som er ei sjølvstendig eining.
Gladsak frå Hovlandshagen
Kommunestyret var glad for å samrøystes godkjenna utbygginga av kai og RORO rampe i Hovlandshagen til 45 millionar kroner, finansiert med statstilskot og lånemidlar. Kommunen får bygd ei ny moderne kai og RORO rampe for lossing av gods til ein økonomisk gunstig pris. Halvparten av kostnaden vert dekka gjennom statlege tilskot. Kommunen sine utgifter til lånet vert dekka av utleigeinntekter frå Hovlandshagen utvikling AS.
- Dette er ei gladsak for kommunen, ei god investering for framtida, sa ein nøgd Frode Urangsæter (FrP).
Sjå innkalling og saksdokument kommunestyremøte 22.09.2025