Bytar ut tryggleiksalarmar

Bømlo kommune har skifta leverandør for tryggleiksalarm. Denne endringa gjer at me i desse dagar bytar ut alle dei gamle tryggleiksalarmane og det vert montert opp ny, inkludert røyksensorar og anna sensorteknologi.

tryggleiksalarm og snor - Klikk for stort bileteNy tryggleiksalarm frå Atea Sensio. Atea

Bømlo kommune går no over frå tidlegare leverandør Doro Care til ny leverandør Atea Sensio. Alarmen vil vera svært lik, samt alarmsentralen vil og vera den same. Det er sendt ut skriv til alle brukarane om dette, med kontaktinformasjon dersom det er nokon spørsmål.

Dette arbeidet er det Atea som står for, og dei har reklame på kleda, samt id kort for synleggjering av identitet når dei kjem på besøk. Arbeidet er no i gang, så ta godt i mot dei.

Dei som ventar på å få tryggleiksalarm vil og få av denne nye sorten, me beklagar at det har tatt litt tid. Me håpar på at alt skal vera på plass innan slutten av november. Frå desember av er det Bømlo kommune avdeling teknisk drift som overtek arbeidet med opp/ned montering og justeringar knytt mot tryggleiksalarmar.

Dette ser me fram til, og me gler oss over at me skal få forma tenesta vår meir framtidsretta.

Til toppen