Desse elevane gjekk heilt til topps: – Det var heilt fantastisk

Jubelen stod i taket då 6. klasse ved Moster skule vann den gjævaste prisen i First Lego League. No ventar den skandinaviske finalen i Sverige.

elever jublar frå scene - Klikk for stort bilete6. klassen ved Moster skule kunne jubla over å ha vunne regionsfinalen i First Lego League på Tysnes. Moster skule

Tekst og foto: Pål Solli Paulsen, Bømlo-nytt

Det blei full jubel då 6. klasse ved Moster skule gjekk heilt til topps i regionfinalen i First Lego League, som blei arrangert på Tysnes torsdag den 5. november.
Elevane, som kalte seg «The Minions», stakk av med Championsprisen, den gjævaste utmerkinga i turneringa.

Prisen går til laget som gjer det best samla sett innan robotkøyring, teknologi, forsking og kjerneverdiar som lagånd og samarbeid. Det vart arrangert over 30 regionale turneringar i Noreg og Sverige. I Sunnhordland var det 6. klasse ved Moster skule som trekte det lengste strået.

No skal dei 21 elevane representera Bømlo og Sunnhordland i den skandinaviske finalen i Lund i Sverige den siste helga i november.

– Dette er veldig spanande, og me gler oss enormt til å visa fram teknologiløysingane, robotprogrammeringa og lagånda vår på den internasjonale scenen, skriv skulen.

Stor jubel blant elevane

Bømlo-nytt tok turen til Moster skule måndag føremiddag, då elevane i 6. klasse feira regionssigeren med pizza og kake. Det var ein nøgd og stolt gjeng Bømlo-nytt møtte på Moster skule etter sigeren i regionfinalen i First Lego League. Elevane legg ikkje skjul på at det har vore kjekt å jobba med prosjektet, og mange hadde lyst til å fortelja om opplevinga av å gå heilt til topps. 

Fleire gav også uttrykk for at sigeren kom overraskande, og at dei ikkje hadde trudd dei skulle vinna. – Det var veldig gøy, seier Thomas Alfinn Fimland (11), som sat saman med Olav Borgemyr (11), Sverre Nøstbakken (11) og Filip Isdal Stokka (11) og viste fram pokalane. 

Jentene Mina Andreasen (11), Jenny Lidal (11) og Adine Grønås Bjørnevik (11) var også glade for sigeren. – Kjekt å vera med og kunna vinna saman med klassen, smiler jentene. 

Det same tykte Mira Kudinova (11) og Othilie Stautland Espeland (11).
– Det var spesielt at læraren meinte det var overraskande at me vann. Då er det ekstra fint at me greidde det, smiler Othilie.

– Dei fortener det absolutt

elevar feirar med pizza og kake - Klikk for stort bileteElevane ved 6. klasse på Moster skule feira sigeren med pizza og seinare kake etter regionsfinalen var sikra. Pål Solli Paulsen

First Lego League er ein av verdas største kunnskaps- og teknologikonkurransar for barn og unge. Gjennom mellom anna robotbygging, programmering og forskingsprosjekt skal deltakarane læra å samarbeida, tenkja kreativt og finna løysingar på ulike utfordringar.

Årets tema er «Bioglow», som handlar om biologisk mangfald (biodiversitet) og korleis teknologi, kreativitet og forsking kan hjelpe oss med å forstå og ta vare på naturlege leveområde.

Lærar Ingvild Snuggerud Urheim er stolt over innsatsen elevane har lagt ned i arbeidet med First Lego League.

– Me var veldig nøgde med arbeidet vårt før me reiste. Elevane har gjort ein veldig god jobb, så dei fortener det absolutt, seier ho.

Alle dei 21 elevane i klassen var med då regionfinalen blei arrangert på Husnes.

No ventar nye utfordringar i den skandinaviske finalen i Lund i Sverige, der elevane skal konkurrera mot lag frå mellom anna Noreg, Sverige og Åland.
Moster-elevane blir heller ikkje dei einaste frå regionen som tek turen. Også Sunde skule på Husnes, som kom på andreplass i regionfinalen, har kvalifisert seg til finalen i Sverige.

– Det er mange lag frå Noreg som reiser, i tillegg til mange lag frå Sverige og Åland, fortel Urheim.

– Heilt fantastisk

Rektor ved Moster skule, Joakim Lund, legg ikkje skjul på at det var stor stas å gå heilt til topps i regionfinalen.

– Det var heilt fantastisk. Me hadde eit håp om å gjera det bra, men blei litt overraska då me vann, fortel han.

Klassen har jobba med prosjektet over lengre tid, og Lund fortel at det har vore både spennande og lærerikt. – Elevane har vore veldig kreative og flinke til å finna på ulike måtar å få fram ting på. Det har vore eit utruleg lærerikt prosjekt, og eg har lært mykje nytt sjølv òg, seier han.

Totalt er det 21 elevar i klassen. Ifølgje rektoren deltok rundt ti lag i konkurransen, og fleire av konkurrentane var eldre elevar, heilt opp til 9. klasse.

Treng hjelp til å finansiera turen

mann og kvinne med legopoal - Klikk for stort bileteMoster skule har teke kontakt med næringslivet i håp om å få hjelp til å finansiera klasseturen til finalen i Sverige. Her er lærar Ingvild Snuggerud Urheim og rektor Joakim Lund. Pål Solli Paulsen

Klassen ser fram til å prøva seg mot nye konkurrentar i den skandinaviske finalen i Lund i Sverige, der dei skal måla krefter med lag frå mellom anna Noreg, Sverige og Åland. Men før elevane kan setja kursen mot Sverige, må finansieringa av turen koma på plass.

Å senda ein heil klasse til Sverige kostar pengar, og med kort tid til finalen har skulen kasta seg rundt for å skaffa økonomisk støtte.

Skulen har difor teke kontakt med store delar av næringslivet på Bømlo og i regionen i håp om å få hjelp til å dekkja utgiftene.

– Me må vera frimodige og be om hjelp, skriv skulen.