Dialogmøte om bustadar for framtida

Byggenæringa tok godt imot invitasjonen til dialogmøtet med kommunen der temaet var Bustader for framtida. På årets møte var særleg bu lengre heime og det generasjonsvennlege samfunnet tema.

kvinne på talarstol held føredrag - Klikk for stort bileteErgoterapeut Bianca Rolfsnes Flock utfordra byggenæringa å tenkja nytt kring bustadar for eldre. Simon Knutsson Sortland

Kommunalsjef samfunnsutvikling Tone Stavland ynskte velkomen. Blant spørsmåla ho ville skulle diskuterast på møtet var kven bygger me for og korleis skal me bu. Ergoterapeut Bianca Rolfsnes fekk ordet og orienterte kort om mandatet til arbeidsgruppa som arbeider med prosjektet “Bu lengre heime”. Dette er ein del av kommunen sin handlingsplan for helse, sosial og omsorg.

Utfordra byggenæringa

Ergoterapeuten peika på det faktum at del eldre i samfunnet aukar sterkt og at i 2060 vil kvar 4. nordmann vere pensjonist. Samstundes har tal demenssjuke dobla seg den siste 20 årsperioden, og det er også mange med Parkinsons og syns- og hørselsutfordringar. 

- Eg vonar de tek utfordringa om å tenkje litt nytt og annleis om bustadbygging framover, sa Rolfsnes Flock. Ho presenterte den ideelle bustaden uansett alder - sett frå eit helsemessig synspunkt. Ho peika på at badet er det viktigaste rommet i huset når ein vert eldre og kanskje får ein del helseutfordringar. 

Utvikling av delsentra

Universell utforming både ute og inne kan ofte gjerast med små enkle grep, både i ein renovasjons- eller nybyggingsfase. Folk flyttar gjerne på seg frå 50 til 70 årsalderen, men sjeldan etter dei har passert 80 år.  Anna Iren Stavland frå Tenestekontoret peika på at dei eldre ynskjer å bu heime lengst mogleg, noko kommunen også ynskjer å bidra til. Likevel brukar heimetenesta i dag mykje tid på transport mellom brukarane, noko som kan bli ei utfordring framover.

- Det er ikkje berre huset og tilpassingar her som er viktig for dei eldre. Dei vil bu nær tenestetilbod som butikkar, lege og sosiale aktivitetar. Elles er det lett å bli sosialt isolert og kjenna på einsemd. Difor treng me fleire tilrettlagde bustader i alle delsentra våre, påpeika Stavland.

- Me må sjå på kva som er ulike styrker i dei ulike sentra, og bygga opp om det. Målet er å skapa eit generasjonsvennleg samfunn på Bømlo, og der bustadbygging kan legga til rette for møteplassar mellom alle generasjonane, sa rådgjevar for folkehelse og frivilligheit Johanne Kristiansen.

Etter innleiande føredrag var det grupparbeid der tema var nybbygg og kven ein byggjer for, restaurering/ombygging, bustadar til leige og nærmiljø - kva ynskjer folk der dei bur. Innspela herifrå vil kommunen ta med i sitt vidare arbeid.

Ordførar Morten Helland takka av møtet med å minna byggenæringa på at kommunen ynskjer å vere ein god samarbeidspartnar.

Til toppen