Digital post - kva passar best for deg?

I Noreg har du fleire måtar å motta digital post frå det offentlege og private på.

aktivitetskalender - Klikk for stort bileteAktivitetskalender veke 45.

Digipost:

Posten Norge si digitale postkasse. Du kan lagre eigne dokument, men ikkjesvare direkte. All post kjem digitalt – ikkje på papir.

Altinn:

Brukt av det offentlege for kommunikasjon med næringsdrivande ogprivatpersonar. Her kan du svare og ha dialog. Opnar du ikkje posten innan 2 dagar, blir han sendt som papirpost.

Gje ektefelle eller pårørande tilgang til Digipost

Dersom du treng hjelp til å følgje med på posten, kan du gi tilgang til nokon du stolar på:

  • Gå til profilen din i Digipost og vel Tilgangar
  • Del tilgang via QR-kode eller Digipost-adresse
  • Den andre personen må ha Digipost-konto
  • Dei får varsel og kan lese/svare på vegner av deg, men ikkje endre innstillingar

Vil du avslutta Digipost og få post på papir?

Vil du slutte å bruke Digipost og heller få post frå det offentlege i Altinn eller på papir?

Avslutt Digipost:

  • Logg inn på [digipost.no] → Profil → Kontoinnstillingar → Deaktiver konto
  • Etter 3 månader blir alt sletta permanent.

Reserver deg mot digital post:

  • Gå til [brukerprofil.difi.no/minprofil] og vel Reserver deg mot digital post
  • Du kan også ringa ID-porten brukerstøtte: 800 30 300
     

På døra - veke 45 (PDF, 125 kB)

Om prosjektet På døra

Tema i veke 45 er digital post i informasjonsskrivet På døra som postboda leverer ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på.  I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar.