Diplom og ros for næringslivet i Bømlo

NHO sitt Kommune-NM 2025 rangerte Bømlo kommune på 6. plass i Vestland. Helene Frihammer, regiondirektør i NHO Vestland, vitja rådhuset tysdag og overleverte diplom og blomar til ordførar, varaordførar/dagleg leiar i Bømlo Næringsråd og kommunedirektør.

to menn og kvinner poserer med blomar og diplom øfre inngang rådhuset - Klikk for stort bileteRegiondirektør Helene Frihammer i NHO Vestland (t.v) delte ut diplom for 6. plassen i Kommune-NM 2025 til ordførar Morten Helland, kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter og varaordførar/dagleg leiar i Bømlo Næringsråd, Ragnfrid Sønstabø. Siri Løken, NHO Vestland

- Dette er først og fremst ei anerkjenning til det dyktige og mangfaldige næringslivet i kommunen vår. Her er det moglegheitar og nyetableringar. Sunnhordland har 1. , 4. og 6. plass i Vestland fylke, noko som klårt syner kor viktig næringslivet vårt er for heile regionen, seier ordførar Morten Helland.

Austevoll toppar lista, og dei kom inn på ein sterk 6. plass nasjonalt. Stord kommune er nummer fire i Vestland. Om Bømlo på 6. plass skriv NHO Vestland at det positive med næringslivet på Bømlo er høg næringsvariasjon, låg eigedomsskatt på næringseigedom,  høg del faglærte og låg arbeidsløyse. Litt mindre positivet er relativt låg folkevekst og låg score på høgare utdanning. Likevel ei høg score på fagkompetanse.

Kommunane viktige tilretteleggjarar

– Kommunane har ei viktig rolle i å leggje til rette for næringslivet lokalt. Private verksemder gir kommunane viktige skatteinntekter. Framover blir det endå viktigare for kommunane å ta grep for mellom anna å sikre folkevekst og trekkje til seg arbeidskraft, seier regiondirektør i NHO Vestland Helene Frihammer.

Kommune-NM er ei rangering av kor gode kommunane er til å leggje til rette for næringsutvikling. Kommune-NM måler ikkje kor bra det er å bu i kommunen, men i kva grad kommunen legg til rette for næringsliv lokalt. Kåringa er basert på offisiell statistikk frå SSB og NAV.

Topp ti kommunar i Vestland:

  1. Austevoll
  2. Bergen
  3. Sogndal
  4. Stord
  5. Sunnfjord
  6. Bømlo
  7. Bjørnafjorden
  8. Gulen
  9. Aurland
  10. Gloppen
     

Gladmelding frå kraftlaget

Administrerande direktør Tor Bjarne Smedsrud i Bømlo Kraftnett har også gode nyheiter til næringslivet på Bømlo. Frå i dag slepp bedrifter å søkja Statnett om straumforbruk opptil 5 MW. Dette gjer det enklare å satsa lokalt og kan gi ny fart til industrien i Sunnhordland. Statnett og Fagne planlegg også nye tiltak som skal auka kapasiteten i straumnettet fram mot 2028. – Ei skikkeleg gladmelding, uttaler Smedsrud til Bømlo-nytt.