Du bur i ein Av-og-til-kommune

I 2017 inngjekk Bømlo kommune ein samarbeidsavtale med alkovettorganisasjonen Av-og-til. Av-og-til tilbyr ein førebyggingsmetode som me i kommunen tilpassar etter våre behov, ønskjer og idéar. 

dame og mann signerer avtale med to menn som står bak - Klikk for stort bileteMarte Sletten frå Av-og-til signerer avtale med Bømlo kommune ved ordførar Odd Harald Hovland. Bak står kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund og frå initiativtakarane Morten Helland (t.v) frå KrF. Simon Knutsson Sortland

Saman jobbar me for godt alkovett i situasjonar der alkohol utgjer ein risiko, eller der alkohol kan vere til ulempe for oss sjølve og andre. Alkovett handlar om å ha eit reflektert forhold til alkoholvanane sine, og om å tenkja gjennom om ein skal drikke, og kor mykje ein skal drikke i ulike situasjonar.

Alkoholbruk kostar samfunnet opp mot 100 milliardar kroner i året gjennom tapt helse og livskvalitet, sjukefråvær og kostnadar til helse- og velferdstenester. Av-og-til samarbeider med kommunar over heile landet for å bidra til å redusere dei negative følgjene av alkoholbruk i samfunnet og gjere kvardagen tryggare for alle.

Av-og-til blei etablert på Stortinget i 1981 under namnet AlkoKutt og har heile tida vore ein brei og samlande aktør på førebyggingsfeltet på tvers av både politiske og andre skiljelinjer. Bak Av-og-til står breidda av det frivillige Noreg, mellom anna frivillige organisasjonar, politiske parti og organisasjonar innanfor rus- og førebyggingsfeltet. 

Les meir på avogtil.no

Kontakt oss gjerne

Vil du vera med og støtte opp om lokal alkoholførebygging? Alkoholførebygging er viktig både i trafikken, på sjøen, på sosiale møteplassar, i idrettsklubben, på arbeidsplassen og på arenaer der barn og unge ferdast. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer å få vita meir om arbeidet vårt.

Av-og-til-koordinator 
John Henrik Staveland Sæter
SLT-koordinator, Bømlo kommune

Send E-post  Telefon: 975 52 121


 

Til toppen