Verksemdsleiar Vardan Vardanyan orienterer formannskapet om driftsavdelinga sine oppgåver og tilsette.
Simon Knutsson Sortland
Saksliste og protokoll med orienteringar frå Formannskapet 23.01.2025
Verksemdsleiar Vardan Vardanyan i teknisk drift orienterte om avdelinga sine oppgåver og korleis desse vert løyst med dei utfordrande budsjettramene som gjeld. Dei har ansvar for 62000 rutemeter bygg i tillegg til grunneigedomar som må kontinuerleg vedlikehaldast for å unngå store investeringar over tid. I tillegg til dagens veglengde på over 152 kilometer vil kommunen overta ein del fylkesvegar. I tillegg kjem kaiar og bruer som skal vedlikehaldast.
- Me ynskjer å ta heile vegstrekningar etter liste i staden for stadig å kome tilbake og reparere små strekk for å få eit meir effektiv og langsiktig vedlikehald, fortel Vardanyan. Han opplyste at det frå 2022-2024 vart asfaltert og vegmerka for om lag 5,8 millionar kroner. I tillegg vart det utført ei lang rad trafikksikringstiltak.
- Bømlo kommune har ei god og effektiv teknisk drift, også samanlikna med våre nabokommunar. Våre tilsette er få i høve dei store oppdragsmengdene me har, men me løyser desse så godt og effektivt me kan. Me har kjempeflinke og løysingsorienterte folk. Til dømes har me no fått reinhaldsutgiftene ned på 2015-nivå, noko som er prov på at kommunalt er like bra som privat, meiner verksemdleiar Vardanyan.
Presentasjon av driftsavdelinga ved verksemdsleiar Vardan Vardanyan 23.01.2025 (PPTX, 22 MB)
God rollefordeling
Spørsmålet om sambruk mellom teknisk drift, BKE (Bømlo kommunale eigedomsselskap) og BVA (Bømlo vatn og avlaup) var også eit tema. Det same var spørsmålet om teknisk drift sin utstyrspark var for dyr.
- Bømlo kommune har store oppgåver å løyse på teknisk drift, men er stort sett sjølvberga. Me har godt samarbeid mellom teknisk, BKE og BVA som alle har ulike roller og dagens ordning fungerar godt, meiner kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.
Han peika på det massive snøfallet tidleg i januar og kor godt dei utfordringane vart møtt ut i frå mannskap og utstyr tilgjengeleg. Alle kan me ikkje tilfredsstilla alltid, men oppgåvene vert løyst på ein god måte, understreka han.
Tilbakeførte midlar frå KLP
Utviklinga i skatteinngangen lokalt var betre enn landsskatteinngangen i 2024. Kommunen sin samla skatteinngang samt inntektsutjamninga enda på 3,1% vekst frå 2024. I forhold til budsjett 2024 utgjer dette likevel ein svikt på 6,7 millionar kroner.
Økonomisjef Jarle Nakken hadde ei økonomisk gladmelding å koma med. Bømlo kommune får tilbakeført 45,8 millionar kroner frå pensjonsselskapet vårt KLP. Dei tilbakefører 37 milliardar kroner til kundane sine premiefond i andre kvartal i år. Grunnen er god avkastning i KLP.
Summen vil bli brukt til dekning av kommunen sin pensjonspremie i 2025, noko som vil redusera bruken av kassakreditten med 45,8 mill. kr. Dette vil styrka likviditeten til kommunen betydeleg og dermed redusera rentekostnaden vår. Økonomien vår vert styrka, men det er først frå 2026 me vil sjå ein stor verknad av dette på kommunen sine resultat, med 9,3 millionar kroner pr år.
Tabellen under viser verknaden på budsjett i økonomiplanen.
Tabell over tilbakeførte midlar frå KLP.