Eit godt liv på Søre Bømlo: Ledige omsorgsbustadar ved Bømlo omsorgstun

Ønskjer du ein trygg og tilrettelagd bustad med nærleik til både tenester, aktivitetar og eit levande lokalsamfunn? Det er ledige omsorgsbustadar i den nyare delen av Bømlo omsorgstun i Langevåg.

stove med utgang til terrasse - Klikk for stort bileteRomsleg og lys stove med utgang til terrasse. BKE

Bømlo kommune er ein av få kommunar som har god kapasitet på omsorgsbustadar, og på Søre Bømlo er det fleire ledige bustadar.

Rimelege og innflyttingsklare

Til saman har Bømlo kommune og BKE 19 omsorgsbustadar på Søre Bømlo. Seks av desse ligg i den nyare delen av Bømlo omsorgstun, som stod ferdig i 2014. Bustadane er moderne, funksjonelle og godt tilrettelagde for personar som har behov for ein omsorgsbustad.

Under open dag på Bømlo omsorgstun i august fekk bustadane mykje merksemd frå dei som tok turen innom. Mange vart overraska over standarden og kor innflyttingsklare bustadane framstod.

Bustadane er ordinære omsorgsbustadar i kommunen sitt tilbod, og alle som oppfyller vilkåra kan søkje. Det er Tenestekontoret i Bømlo kommune som behandlar søknadene og gjer vedtak om tildeling.

God standard og gode fellesareal

Bustadane har romslege bad, praktiske kjøkkenløysingar og trivelege opphaldsrom. Kvar bustad har eige uteområde eller terrasse, og fleire av dei har utsikt mot Langevåg.

I tillegg har bebuarane tilgang til ei stor fellesstove med kjøkken og utgang til terrasse. Her kan ein møtast til aktivitetar, sosiale samlingar eller berre ta ein kopp kaffi saman med naboar.

Eit rimeleg bumiljø

Månadleg husleige er 6 850 kroner. I tillegg kjem 1 400 kroner som dekkjer straum og reinhald av fellesareal. Totalkostnaden er dermed 8 250 kroner i månaden.

For mange kan dette vere eit økonomisk gunstig alternativ samanlikna med å bu åleine i ein større bustad, samstundes som ein får ein lettstelt bustad og tilgang til eit sosialt fellesskap.

Ei bygd med framtidstru

Langevåg er i positiv utvikling. Engasjementet rundt framtida til Bømlo omsorgstun viser at mange bryr seg om lokalsamfunnet og ønskjer å skapa gode møteplassar og aktivitetar for framtida. Dette bidreg til optimisme og tru på vidare utvikling i bygda. Med den nye vegen er reisetida til og frå Langevåg vesentleg redusert. Det gjer omsorgsbustadane til eit aktuelt alternativ for innbyggjarar frå heile Bømlo, ikkje berre dei som bur på Søre Bømlo.

Interessert?

Vil du ha omvising eller meir praktisk informasjon om bustadane, kontakt BKE AStlf.53 00 25 00 eller Send e-post.

Søk om omsorgsbustadar på Tenestekontoret

Telefon: 53 42 34 70 

Sjå også brosjyren for omsorgsbustadane i Bømlo omsorgstun