Oppstartsmøte med PwC om ekstern gjennomgang av kommunal drift.
Skjermdump
Konsulentfirmaet PriceWaterhouseCooper (PwC) er hyrt inn for å gå gjennom kommunen si drift. - Dette handlar om å sjå heilskapleg på korleis kommunen er organisert og driven i dag, og om det finst grep som kan gje betre effekt for innbyggjarar, tilsette og kommunen som heilskap. Det handlar ikkje om å peika på nokon spesielle eller "konkludera" med at tilsette til dømes berre må springa fortare enn før, seier prosjektleiar Geir Årset i PwC.
Kommunestyret sitt budsjettvedtak 2026
Ser breiare enn berre økonomi
Oppdraget frå kommunestyret er å gjennomføra ein ekstern revisjon av drifta i tre trinn. Først ei overordna kartlegging, deretter grundigare analysar av utvalde område, og til slutt ei prioritering av moglege tiltak og ein plan for vidare oppfølging.
Sjølv om økonomi er ein viktig del av bildet, ser gjennomgangen også på ikkje‑økonomiske konsekvensar, som kvalitet på tenester, konsekvensar for organisasjonen og verknader for samfunnet. Tiltak skal vurderast breitt, ikkje berre ut frå kva dei kan bety i kroner og øre.
PwC gjennomfører arbeidet som ein uavhengig fagleg gjennomgang, utan politiske omsyn. Kommunen si rolle er å leggja til rette for god informasjonsflyt, bidra med kunnskap og kvalitetssikra faktagrunnlaget i rapporten. Målet er ikkje å laga ei ferdig løysing, men å få fram realistiske og gjennomførbare grep som kan styrkja kommunen si drift framover.
Gjennomgangen byggjer på fleire kjelder:
- dokument og eksisterande data
- intervju med nøkkelpersonar i kommunen
- offentleg statistikk, mellom anna frå KOSTRA og andre nasjonale databasar
- erfaringar frå tilsvarande arbeid i andre kommunar
Intervju og analysar skal gi eit nyansert bilete av kva som fungerer godt i dag, kva som er utfordrande, og kvar det kan vera størst potensial for forbetring. Før påske vart kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter og leiargruppa samt hovudtillitsvalde og hovudverneombod intervjua.
Fokus på konkrete og gjennomførbare tiltak
Etter den overordna kartlegginga blir det gjennomført djupare analysar av prioriterte område. Deretter skal moglege tiltak konkretiserast, vurderast og prioriterast.
Kvart tiltak blir sett opp mot både økonomisk effekt og andre konsekvensar, til dømes:
- kva betyr tiltaket for tenestene?
- kva betyr det for tilsette og organisering?
- kva betyr det for innbyggjarane og lokalsamfunnet?
Skal gi retning for vegen vidare
Dette skal munna ut i ein sluttrapport som gir kommunen eit godt og balansert grunnlag for vidare arbeid.Gjennomgangen er eitt av fleire verkemiddel kommunen nyttar for å møta framtidige utfordringar. Målet er å stå betre rusta til å ta gode val basert på kunnskap, heilskap og langsiktig perspektiv.
Den politiske styringsgruppa som skal følgje prosjektet på eit overordna nivå og sikra politisk forankring av mandat og hovudretninga er ordførar Morten Helland (KrF) og formannskapsmedlemane Frode Urangsæter (FrP) og Mari Pedersen Totland (Ap). Controller Morten Tvedterås er prosjektkoordinator.
Sluttrapporten skal leggjast fram for politisk handsaming seinare i år.
Fakta: Ekstern gjennomgang av drifta i Bømlo kommune
Bakgrunn: Kommunestyret vedtok 8. desember 2025 å få gjennomført ein ekstern revisjon av drifta i Bømlo kommune.
Utførar: PwC (PricewaterhouseCoopers).
Formål: Få ei overordna kartlegging av drifta, identifisera område for nærare undersøking og leggja grunnlag for moglege tiltak framover.
Gjennomføring:
Arbeidet er delt i tre trinn:
- overordna kartlegging og identifisering av område for vidare analysar
- djupare gjennomgang av utvalde område
- prioritering av tiltak og plan for iverksetjing
Område nemnde i vedtaket: Habiliteringstenester, førebyggjande tenester for barn og unge, helse og omsorg, heimebaserte tenester, legetenesta og moglegheit for administrativ samdrift mellom skular.
Vurderingar: Tiltak skal vurderast både ut frå økonomisk effekt og andre konsekvensar, som kvalitet på tenester, organisering og verknader for samfunnet.
(Oppsummeringa er KI-generert)