Stor arrangørkomite står bak Eldredagen på Bømlo 2026.
Privat
Dagen startar med helsingar frå ordførar Morten Helland og fylkesleiar i Pensjonisforbundet Vigdis Ravnøy og føredrag før kulturprogrammet tek over. Seniorrådgjevar Ragna Flotve held foredraget «Seniorkraft og samskaping». Ho arbeider hos Statsforvaltaren i Vestland og er koordinator for satsinga Bu trygt heime. På Eldredagen vil ho setja søkjelys på korleis eldre kan vera ein ressurs i lokalsamfunnet.
Helge Jordal og Gjertruds Sigøynerorkester
Det blir lett lunsj som er inkludert i billettprisen og god til ein drøs med kjende i matpausen. Etter føredraget blir det kulturinnslag med Helge Jordal og Gjertruds Sigøynerorkester. Dei tek publikum med på ei musikalsk reise gjennom taterviser, sigøynermusikk og tekstar av mellom andre Cornelis Vreeswijk, Jacob Sande og Einar Skjæraasen.
Lang tradisjon
Samlingar for seniorar har lange tradisjonar på Bømlo. Tidlegare har kulturhuset mellom anna vore arena for arrangementet «I manns minne», der deltakarar delte minne og forteljingar frå livet på Bømlo. I 2017 handla programmet om korleis det var å flytta til kommunen og finna sin plass i lokalsamfunnet. År etter år samlar slike arrangement seniorar til både kunnskapsdeling, kultur og sosialt fellesskap.
Mange arrangørar
Kristine Sele i frå Pensjonistforbundet og Ruth Berny Lønning i frå Bømlo Eldreråd tok initiativ til dagen og dei har fått med seg fleire andre organisasjonar på laget. Pensjonistforbundet Bømlo, Eldrerådet i Bømlo, Fiskarkvinnelaget Nordstjerna, Fagforbundet Bømlo, fleire lokale lag i Familie- og kvinneforbundet samt Bømlo kommune står bak arrangementet.
Praktisk informasjon
Tid: Torsdag 24. september kl. 11.30
Stad: Bømlo kulturhus
Billettpris: 150 kroner
Billettar får du via Bømlo kulturhus