
- Her møter ein fjerdedel av bygda opp. Dette er eldreomsorg i praksis, det er heilt sikkert, seier kasserar Stein Sele i Framtid for Lykling.
Han er medlem av Stord petanqueklubb og sambygding Arne Thorsen, sentral i realiseringa av Rallarbu, vart fascinert då han såg idretten utført ved kulturhuset på Leirvik.
Sele fortel at dei fekk til to banar tilå byrja med, og har no fire med einmellombels bane i tillegg. Det er i tilleggpetanque-banar på Svortland,Kulleseidkanalen, Foldrøy og i Gåslandsmarkjo.
- Petanque er eit enkelt spel som ikkje krev noko forkunnskap. Me trekkjer nye lag frå gang til gang, så du blir kjend med mange etterkvart. Det er mykje lått og løye og god stemning, så folk stortrivst, fortel Sele.
Han noterer ned resultata for kvar omgang. Det vil kome på plass ein adelskalender sjølvsagt.
- Nyleg hadde me ordføraren på besøk, og han prøvde seg på petanque for første gang. Talentfull fyr, humrar Sele.
Er du interessert - kontakt Stein Sele i Framtid for Lykling - mobil 922 00 396.
På døra veke 41 (PDF, 448 kB)
Aktivitetskalenbder 13.-19. oktober.Om prosjektet På døra
Tema i veke 41 er petanque i informasjonsskrivet På døra som postboda leverer ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på. I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar.