Eldreveka 2026: Inspirasjon for gode år

Vil du lære meir om korleis du kan halde hjernen frisk, verne deg mot svindel pånett og gjere det enklare å bu heime lenger? Eller vil du ha tips til korleis fysiskaktivitet, gode vanar og eit aktivt nærmiljø kan bidra til betre livskvalitet?

fire eldre i illustrasjon - Klikk for stort bileteIllustrasjon på aktive eldre. Senteret for et aldersvennlig Norge

Kvar dag frå 28. september til 2. oktober mellom kl. 12.00 og 15.30 kan du delta på gratis digitale forelesingar der du får inspirasjon, nyttig kunnskap og gode råd om tema som er aktuelle for mange av oss.

Meld deg på dei forelesingane som interesserer deg, og inviter gjerne ein venn, naboeller ein familiemedlem til å følgje med saman med deg. Påmelding fi nn du på www.aldersvennlig.no

På døra veke 39 (PDF, 310 kB)

Kontaktinformasjon Bømlo kommune:

Elisabeth Holme Knutsen - rådgjevar kultur og idrett - Mobil 911 65 377
Johanne Kristiansen - rådgjevar folkehelse og frivilligheit - Mobil 453 82 642

Kontakt oss om du vil reservere deg mot å motta dette informasjonsskrivet.
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
Telefon: 53 42 30 00

aktivitetskalender - Klikk for stort bileteAktivitetskalender 21.-27. september 2026.

Om prosjektet På døra

Tema i veke 39 i informasjonsskrivet På døra er Eldreveka 2026. På døra vert av postboda send ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på. I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar.