Endring i barnevaksinasjonsprogrammet: Kikhostevaksine til gravide for å beskytte det ufødte barnet

Dei siste åra har det vore auka smitte med kikhoste i Norge og verda. Kikhoste er ein luftvegsinfeksjon prega av hoste. Smitte kan gjere dei minste borna alvorleg sjuke. Tradisjonelt får barn vaksine mot kikhoste frå 3 månaders alder, men me ser behov for å beskytte dei minste tidlegare. På bakgrunn av auka smitte i samfunnet og at barna har dårleg vern mot kikhoste inntil eiga vaksine har FHI anbefalt at me vaksinerar barnet via mor.

plakat med tre illustrasjonar om kvinner og barn - Klikk for stort biletePlakat om kikhosetvaksine for gravide. FHI

Dersom ei gravid kvinne vaksinerar seg mot kikhoste, vil vernet gå over til fosteret, og barnet vil vera beskytta mot alvorleg sjukdom fram til det sjølv får første vaksinedose mot kikhoste når det er tre månadar gamalt. Kikhostevaksine har blitt tilbudt til gravide i fleire deler av verda i mange år allereie. Sikkerheita er nøye studert, og vaksina er vurdert trygg å gje for både barn og mor.

Ventar på lovendring

Vaksina er tilrådd å bli gitt i svangerskapsveke 24. Den kan likevel bli gitt heilt fram til fødsel og gje godt vern. Grunnen for at me gir den i veke 24 er for å verna dei borna som vert fødd prematurt og som har ekstra stor risiko for alvorleg forlaup.

- Me ventar på lovendringa frå regjeringa for å starta opp med vaksinering. Dette forventast å vera på plass i mai. Då vil vaksina bli gratis for gravide. Me har allereie førebudd oss med å følga undervisningar, laga prosedyrar og tinga inn vaksinar, opplyser kommuneoverlege Annne Marit Særsten Halvorsen.

Kvinner som har passert veke 24 i svangerskapet vil når tilbodet startar bli tilbodet vaksina under ordinær svangerskapsoppfølging. Sjølve vaksina vil vere gratis, men det kan vere at ein må betale for medgått materiell.

Kvinner som ynskjer vaksine før lovendring kjem i orden kan be om dette hos fastlege, men ein må då betala for vaksina sjølv.

Påfyllingsdose

Påfyllingsdosar gitt dei siste åra vil ikkje klara å gje vern til barnet, og det er tilrådt ny vaksine sjølv om du har fått påfyll nyleg.

Vaksina som blir gitt til gravide inneheld kun vern mot kikhoste, difteri og stivkrampe, og ikkje mot polio også slik dei fleste påfyllingsvaksinar tradisjonelt gjer. Oversikt over dine vaksiner kan du finna ved å logge deg inn på helsenorge.no.

Du kan lese meir om kikhostevaksine av gravide:

Beskytt barnet ditt mot kikhoste - FHI
Innføring av tilbud om gratis kikhostevaksine til gravide - FHI 
Kikhoste - Helsenorge

Fakta

Kva: Vaksine mot kikhoste – Vaksine til mor vernar det ufødde barnet
Kva tid: Svangerskapsveke 24 (eller seinare om du er komen lenger i svangerskapet)
Kvar: Der du har svangerskapskontroll (anten hos jordmor eller lege)
Pris: Gratis når vedteke i Stortinget i mai. Eventuelt ein mindre materialkostnad dersom ein bruker vesentleg utstyr.


 

Til toppen