Engasjerte ungdommar tok roret

35 ungdommar deltok då oppstartsamlinga «Ungdom ved roret» vart arrangert i kommunestyresalen på Rådhuset 23. september 2026. Gjennom ein innhaldsrik dag delte dei erfaringar og idear om kvardagen og framtida til ungdom på Bømlo.

ungdom sit på stolar i sirkel - Klikk for stort bileteDeltakarane på «Ungdom ved roret» arbeidde engasjert og målretta med gruppearbeid, diskusjonar, idémyldring og prioriteringar. Johanne Kristiansen

Ungdommane løfta fram viktige saker

På programmet stod tre hovudtema. I «Vegen vidare» arbeidde deltakarane med transportbehov, kollektivtransport, mobilitet og trafikktryggleik. Bussrutene og mangelen på tilbod i enkelte område skapte særleg stort engasjement. Under «Fritid på vår måte» drøfta ungdommane fritidstilbod, møteplassar, UKM og utviklinga av Møteplassen Gamle BUS. Dei kom òg med innspel til arbeidet i Bømlo frivilligsentral.

I «Me har ordet» løfta deltakarane fram saker dei meiner er viktige for Bømlasamfunnet. Innspela skal brukast i arbeidet til det nye ungdomsrådet. Dei skal òg gjerast tilgjengelege for dei politiske partia i god tid før kommunevalet i 2027. Deltakarane arbeidde engasjert og målretta med gruppearbeid, diskusjonar, idémyldring og prioriteringar. 

Rundar med Just Dance og andre aktivitetar gav energi og rørsle mellom arbeidsøktene. Medlemmer frå fjorårets ungdomsråd leia aktivitetane gjennom dagen. Slik vart samlinga òg eit godt døme på korleis ungdomsrådet jobbar og kor sentralt ung-til-ung-formidling er i dette arbeidet.

Utan mat og drikke duger helten ikkje, og det vanka både pizza og kake på deltakarane. Etter samlinga var ungdommane inviterte til ein meir uformell del, der Ten Sing Bømlo viste korleis ungdomsstyrte aktivitetar fungerer i praksis.

Eit aktivt ungdomsråd

gut og jente - Klikk for stort bileteLudvig Stølen Bøe vart vald til leiar og Maylinn Ervik nestleiar i Bømlo ungdomsråd for skuleåret 2026/2027. Johanne Kristiansen

Bømlo ungdomsråd arbeider nok ein del annleis enn mange andre ungdomsråd. Ein viktig del av oppstartsamlinga er å informera om kva ungdomsrådet arbeider med, og kva rådet har gjort det siste året. Bømlo ungdomsråd har lagt bak seg eit aktivt år med rådsmøte, møte og aktivitetar i fokusgruppene, og ei rekkje innslag og appellar på ulike arrangement. 

Medlemmene opplever at både lokalpolitikarane og administrasjonen lyttar til dei. Dei kjenner seg difor ikkje igjen i ei undersøking som viste at ungdomsråd i Noreg berre får gjennomslag i 4 prosent av sakene sine. No skal innspela frå oppstartsamlinga samlast, systematiserast og følgjast opp av det nye ungdomsrådet.

Nytt leiarteam valt

Ludvig Stølen Bøe vart vald til leiar for skuleåret 2026/2027, medan Maylinn Ervik vart vald til nestleiar. Begge er elevar ved Bremnes ungdomsskule. Deltakarane fekk òg informasjon om arbeidet i Bømlo ungdomsråd og om korleis dei kan søkja om å bli medlem av det nye rådet. 

Søknadsfristen er 30. september.

(Tekst og foto: Johanne Kristiansen)