Sjekk alltid om isen er trygg før du går utpå. Illustrasjonsfoto frå Storavatnet på Svortland.
Simon Knutsson Sortland
Når det gjeld is, er hovudregelen enkel. 10 cm tjukk is blir rekna som trygg – uansett istype, bortsett frå stavis.
Det finst ulike typar is:
Stålis – sterkast og mest sikker.
Snøblanda is – svakare enn stålis.
Stavis – den svakaste og mest skumle. Den oppstår ofte om våren før isen forsvinn. Sjølv om den kan vere tjukk, er den svært usikker.
Kor tjukk må isen vere?
- 6–7 cm stålis kan bere ein vaksen mann, men vi rår frå å stole på så tynn is. Det kan vere store variasjonar på same vatn.
- 10 cm stålis blir rekna som trygg for skøyting og tur på mindre vatn.
- På større vatn bør du vente til isen er 14–15 cm.
Hugs: Sjekk alltid kor tjukk isen er fleire stader på vatnet før du går utpå.
Vanskeleg vurdering
Snø på isen gjer det ekstra utfordrande å lese forholda. Er du usikker:
- Gå forsiktig fram.
- Bor mange hol for å sjekke kor tjukk isen er.
- Unngå mørke flekkar – dei kan vere farlege, spesielt på grunne område med myrbotn (myrgass kan gjere isen usikker).
- Ver ekstra forsiktig ved siv, innløp og utløp – her er isen ofte svak. Strøymande vatn kan vere livsfarleg om du går gjennom.
Tips: Ver minst 2–3 personar om du er på ukjent vatn, og ta med sikkerheitsutstyr som ispiggar og kasteline.
Les meir om isvett på Redningsselskapet sine nettsider