Tilskotet kan brukast til tiltak som til dømes trinnfri inngang, betre tilgjenge i bustaden, tilpassing av bad eller andre varige løysingar som gjer det enklare å bli buande heime.
Kven kan søkja?
Du kan søkja dersom:
- du er over 62 år, eller bur saman med nokon som er over 62 år
- du bur i bustaden sjølv
- bustaden er folkeregistrert adresse
- oppgraderinga kostar minst 40 000 kroner
Dersom du leiger bustaden, må du ha samtykke frå utleigar.
Kor mykje kan du få?
- Du kan få dekt inntil 25 prosent av kostnadene.
- Minste prosjektkostnad er 40 000 kroner.
- Du kan få inntil 75 000 kroner i tilskot.
- Du kan få tilskot éin gong per bustad.
- Tilskotet får du utbetalt når arbeidet er ferdig og betalt.
Viktig å vita før du søkjer
- Du kan ikkje få tilskot til vanleg oppussing eller modernisering.
- Du må søkja før arbeidet startar. Husbanken gir ikkje tilskot til prosjekt som alt er sette i gang eller ferdige.
- Arbeidet må utførast av handverkar. Før du søkjer, må du derfor henta inn eit pristilbod eller kostnadsoverslag.
Søknadsfristen er 30. oktober 2026.
Les meir om ordninga, kva tiltak du kan få støtte til og korleis du søkjer på Husbanken sine nettsider.
Har du spørsmål -
kontakt HR-rådgjevar John Helge Møgster
Tlf. 907 69 739
Send e-post