Fastlegesituasjonen betrar seg på Bømlo

Fastlegesituasjonen på Bømlo ser lysare ut enn på lenge. Kommunen har no god listekapasitet og fleire faste legar enn tidlegare.

lege og pasient i konsultasjon - Klikk for stort bileteFastlegane Nicholas Andrew Hill og Luna Isabella Andersen trivst godt med jobben på Øyane Helsehamn. Simon Knutsson Sortland

Fagansvarleg lege ved Øyane Helsehamn, Kristine Borgemyr, fortel at fleire innbyggjarar i lengre tid har stått på lister med vikarlege. Som pasient er det då krevjande å ikkje ha èin fastlege å forhalde seg til.

– Sjølv om ein står på ei vikarliste er det alltid ein lege på lista som har fastlegeansvaret for deg, understrekar ho.

Ho seier at situasjonen er i klar betring, og at drifta vil bli endå meir stabil frå hausten av. To fastlegeheimlar vil då vere dekka av vikarlegar, medan dei elleve andre fastlegeheimlane i kommunen vil vere dekka av faste legar. Borgemyr peikar på at sjølv om kommunen har vore avhengig av vikarar, har dei forsøkt å skapa ein viss kontinuitet gjennom stabile og erfarne vikarar.

– Utstrakt bruk av vikarar er krevjande for både pasientar, personell og økonomi. Samstundes har det vore naudsynt for å halda legetenesta i drift. Me har full forståing for at det kan vera slitsamt for pasientane å ofte måtte forhalda seg til nye vikarlegar, seier ho.

Lysare framtidsutsikter

Verksemdsleiar for legetenesta, Monica Tofte Amundsen, meiner situasjonen no er langt betre enn for berre eitt år sidan. Kommunen har i 2025 tilsett fire nye næringsdrivande legar – to spesialistar og to ALIS-legar (legar i spesialisering).

– Kommunen har no ei god og robust legedekning, og me opplever at rekrutteringa er betre enn på lenge. Dette har me fått til gjennom eit godt kontaktnett, litt flaks og frimod – heller enn gjennom tradisjonelle stillingsutlysingar, seier Borgemyr.

Amundsen legg til at det er ein fin gjeng som jobbar i legetenesta.  

– Me har flotte lokale og godt utstyr, noko som spreier seg som eit godt rykte og hjelper i rekrutteringsarbeidet. Difor har me òg god tru på at me skal få tilsett faste legar i dei to siste fastlegeheimlane våre. I august får me ein ny fastlege frå Tyskland på plass. Me har allereie legar frå Nederland, Sverige og Danmark, så det er eit rikt og mangfaldig fagmiljø her, seier ho.

mann held presentasjon - Klikk for stort bileteKommunalsjef helse, sosial og omsorg Kjell Magnar Mellesdal orientete formannskapet om utfordringar innan helsesektoren. Simon Knutsson Sortland

God listekapasitet

På Øyane helsehamn kan det jobbe opp mot 20 personar på ein travel dag, mellom anna ti fastlegar, hjelpepersonell og administrasjon. På legekontora på Moster og Langevåg er det tre fastlegar og éin LIS 1-lege. For berre eitt år sidan hadde kommunen fem vikarar inne samstundes. Frå hausten av vil berre to heimlar vere dekka av vikarlegar, medan resten av legane er faste. 

Bømlo kommune har i dag god listekapasitet med 295 ledige plassar. Det betyr at alle som treng fastlege, skal få det.

– For innbyggjarane betyr dette at dei som manglar fastlege, eller ønskjer å byta, raskt kan få ny lege. Kommunen er plikta til å ha ledig kapasitet, og me er svært nøgde med situasjonen slik han er no, seier Amundsen.

Eit målretta arbeid 

Bømlo kommune har jobba målretta for å rekruttere legar. Det er fleire erfarne legar som over relativt få år har gått av med pensjon/slutta. Det har vore politisk vilje til å bygga nytt moderne legesenter som me flytta inn i om lag eitt år tilbake. 

- Dyktige leiarar og tilsette har bidratt til å skape eit godt fagmiljø og fylle dette med innhald. Det har heile tida vore eit mål å redusere vikarbruken med fast tilsette legar. Dette betrar både kontinuitet og økonomi.  Det er veldig positivt at me no har fått ledige plassar på pasientlister. Me arbeider no med nye tiltakspunkt for vidare utvikling framover i tenesta, seier kommunalsjef helse, sosial og omsorg Kjell Magnar Mellesdal.

Veldig bra

– No har eg jobba i vel to år som lege i Bømlo, først på Bremnes legekontor og no her på Øyane Helsehamn. Det er veldig bra her, og stabiliteten er til stor hjelp for både pasientane og oss som jobbar her, seier lege Nicholas Andrew Hill.

Kollega Luna Isabella Andersen frå Danmark er samd. – Eg likar meg veldig godt her og trivst med å bu på Bømlo, seier Luna, som byrja som vikarlege ved Øyane helsehamn i desember i fjor.

lege og tre kvinner - Klikk for stort bileteFastlegane Nicholas Andrew Hill og Luna Isabella Andersen trivst godt med jobben på Øyane Helsehamn. Her saman med verksemdsleiar legetenesta Monica Tofte Amundsen og legeansvarleg Kristine Borgemyr (t.h). Simon Knutsson Sortland