Ny og større tørrdokk er ein viktig del av utvidingsplanane til Wärtsilä Norge og LOS gruppen i Rubbestadneset. Frå synfaringa saman med stortingsrepresentant Rune Bakervik (Ap) (nr. 4 frå venstre), Åge B. Grutle (Bømlo Ap) (t.v), Petter Andreassen (LOS Gruppen), Torgeir Sørvik frå Wärtsilä Norge, Bakervik, Jacob Særsten i LOS Gruppen, dagleg leiar i Bømlo Næringsråd Ragnfrid Sønstabø, og Geirmund Mæland og Stian Flesland frå Wärtsilä.
Simon Knutsson Sortland
Dagleg leiar Ragnfrid Sønstabø i Bømlo næringsråd tok imot i resepsjonen til Wärtsilä Norge som stilte med sales manager Geirmund Meland, general manager sales Torgeir Sørvik og general manager field service Stian Flesland for informasjon og omvising på industriområdet. Dei starta med å syna sin nye promoteringsvideo og orientering om den storstila satsinga saman med LOS Gruppen.
Fokus på utvikling av Rubbestadneset
Rune Bakervik (Ap), medlem av Utanriks- og forsvarskomiteen og leiar av Hordalandsbenken på Stortinget, fekk orientering om korleis den maritime klynga i Rubbestadneset posisjonerar seg for framtida. Dei siktar seg inn mot kontraktar når Sjøforsvaret skal byggje 28 nye standardfartøy.
Dei understreka at den maritime klynga på Bømlo står sterkt, tenkjer langsiktig og er klar for å ta ein tydeleg posisjon innan service for offshore og shipping. Med aktørar som Wärtsilä og LOS Gruppen i front har dei allereie ein fleksibel, robust og skalerbar maritim base. Her ligg alt til rette for vidare utvikling, også i takt med dei behova Forsvaret eventuelt vil ha framover.
- Wärtsilä er store i dag og med god kapasitet som berre vil bli styrka med utvidingsplanane våre. Ein kontrakt med Forsvaret vil gi desse planane eit byks, men me er ikkje avhengig av denne kontrakten. Det er også viktig å understreka at me her inviterer andre inn både for å styrka den lokale, regionale og nasjonale industrien vår sjølv om me ikkje vinn kontrakten, understreka Torgeir Sørvik.
- For oss er det viktig å få fram heilskapen innan produksjon, service og utdanning mellom anna vårt fokus på livssyklusforvaltning der kundane får komplette tenester i heile levetida til våre leveransar, påpeika Geirmund Meland. Gruppeleiar i kommunestyret for Bømlo AP, Mari Pedersen Totland, peika også på kor viktig dette vil vere for å styrka totalberedskapen, ikkje berre for Vestlandet men heile landet.
Treng investorar
- Me har her 100.000 rutemeter ferdig regulert industriareal, så tida er no veldig moden for å få realisera desse planane. Å få på plass investorar å samarbeida med er det me treng no for å få dette til, seier eigar Jacob Særsten i LOS Gruppen. Hos oss er det eit godt samarbeid der alle forstår kor viktig det er å behalda bedrifter lokalt for å halda på kompetanse, driva innovasjon, utdanna ungdomen vår og skapa arbeidsplassar.
Etter ei omvising på kaien og arbeidshallane i Rubbestadneset, der Bakervik fekk sjå kvifor ein ny og større tørrdokk er blant satsingane, tok følgjet ein tur opp i Kunnskapssmia. Rektor Tor Inger Kalstad ved Bømlo vidaregåande skule orienterte om resultat, skulemiljø og hospitering i bedrifter for elevane.
Bakervik fekk sjå det toppmoderne simulatorrommet der elevane får opplæring i alt som kan skje på brua og i maskinrommet. Både skulen og Zinus sine lokaler syner at det er stor vekst, og er eit godt døme på at Bømlo-modellen er unik i Norge der yrkesskule og næringsliv samarbeidar tett. Kalstad gav også ein stor takk til bømlobedriftene sin store vilje til å ta imot hospiteringselevar frå dei.
Bakervik fekk med seg gode samtalar om korleis ein saman kan styrka eit solid næringsliv i regionen, noko han gav uttrykk for at han også set stor pris på.
Samfunnsbyggjarar
Etter besøket i Rubbestadneset gjekk ferda vidare til Bømlo fiskerihavn i Hovlandshagen. Fiskerihavna sin struktur og utviklingsmoglegheitane i havna og utfordringar med å få nok vatn og straum var blant tema dei diskuterte med styreleiar Martin Laurhammer Hovlandshagen Utvikling og Celius Eidesvik i Eidesvik Havfiske med fleire.
- Rune Bakervik gav uttrykk for at han var imponert over kva Bømlo har fått til både i Rubbestadneset og Langevåg med alt dei har skapt. Særleg den viljen dei har synt til å byggja samfunnet rundt seg, og at dette ikkje er folk som ropar etter Staten for hjelp, seier leiar i Bømlo Arbeidarparti Åge Bernard Grutle. Han følgde Bakervik på Bømlo-turneen og årsmøtet der han nytta mykje av tida til å utdjupa dette.
Trålaren "Trygvason" til kai ved moloen i Hovlandshagen.
Trygvason AS