Fellessamling for nytt skuleår

Tilsette i skule, SFO og fleire støttetenester samlast til fagdag med skulefråvær som hovudtema i kulturhuset tysdag. Kommunalsjef Torunn Laurhammer innleia med nytt for skuleåret, mellom anna økonomi og PwC-rapporten.

Kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer ynskte velkomen til felles halvdagskurs i kulturhuset som samla nesten alle lærarane før skulestart torsdag 13. august. Simon Knutsson Sortland

Kommunalsjef Torunn Laurhammer var glad for å kunne samla så mange til ein felles kurs- og orienteringsdag før skulestart. Ho peika på at dei var litt færre inviterte lærarar enn vanleg, noko som heng saman med lågare elevtal.

Bømlo kommune har i skuleåret 2026/2027 åtte grunnskular, 1546 elevar og det byrjar 141 spente førsteklassingar på første skuledag torsdag.

Halvdagssamlinga var for tilsette i skule og SFO. I tillegg var mellom anna PPT, skulehelsetenesta, Barne- og familietenesta, kommuneoverlege, barnehagestyrarar og førskulepedagogar inviterte.

Trude Havik frå Universitetet i Stavanger heldt fagleg innlegg om skulefråvær.

Ulike starttidspunkt torsdag

Grunnskule-elevane startar torsdag 13. august. Oppstart er kl 8:30 for elevane ved BUS, Svortland, Meling, Rubbestadneset, Gilje og Moster, medan Våge byrjar kl 8:20 og Hillestveit kl 8:45. Morgon SFO opnar kl 7:00.