Ferietilskot til personar med nedsett funksjonsevne

Kommunestyret vedtok  samrøystes 17.6.2024 å gjeninnføra ferietilskot til personar med nedsett funksjonsevne med ei ramme på 60.000 kroner under budsjettrevisjonen for 1. halvår 2024.

Dermed gjorde dei om sitt eige vedtak om avvikling gjort i møte 15.04.2024.  

Søk om ferietilskot til personar med nedsett funksjonsevne

Bakgrunn

Det blei i revidert budsjett 2018 vedteke å setja av kr 100 000 til utprøving av ei ny tilskotsordning med ferietilskot til menneske med nedsett funksjonsevne. Kommunedirektøren fekk fullmakt til å utarbeida og iverksetja retningslinjer fram til kommunestyret vedtok endelege retningslinjer. Retningslinjer blei politisk handsama i mars 2021, med vidareføring av ordninga. I 2023 vart det utbetalt 54 100 kroner i ferietilskot.

Til toppen