Fire år sidan invasjonen: Slik har Bømlo stått saman med Ukraina

I dag 24. februar markerar at det er fire år sidan Russland starta fullskalainvasjonen av Ukraina. For mange av våre ukrainske innbyggjarar er dette ein tung dag som vekkjer minner om flukt, sakn og uvisse. Samstundes er det ein dag der me løfter fram alt som er skapt gjennom fellesskap, frivilligheit og gjensidig støtte her på Bømlo.

folkemnegde i tog ned mot kyrkje - Klikk for stort bileteMange deltok i fakkeltog ned mot Bremnes kyrkje under markeringa for eittårsdagen for invasjonen i Ukraina. Simon Knutsson Sortland

Då dei første ukrainske familiane kom til Bømlo våren 2022, mobiliserte både kommunen, frivillige og lokalsamfunnet raskt. Vaksenopplæringa utvida tilboda sine, NAV og helsetenestene omstilte seg, og frivillige organisasjonar og enkeltpersonar bidrog med alt frå transport og klede til språkkafé og sosiale møteplassar.

Ordførarkaffien har vore ein viktig arena der nye innbyggjarar får møte både kommunen og kvarandre. Ukrainarar har vore ein naturleg og aktiv del av dette fellesskapet.

Frivilligheita som berebjelke

Frivilligsentralen, kyrkja, idrettslaga og fleire lokale initiativ har skapt møteplassar som gjer det lettare å finne seg til rette i ein ny kvardag. Språkkaféar, strikkekveldar, turgrupper og kulturkveldar har gitt både språk, nettverk og kvardagsglede. Mange ukrainarar har gått frå å vere deltakarar til å bli frivillige sjølve. Det viser at integreringa går begge vegar og at fellesskapet blir sterkare når fleire bidreg.

Ei av desse, Yuliia Khilinska, fekk  Bømlo kommune sin Eldsjelpris 2025 for det omfattande arbeidet sitt, både lokalt og for menneske i Ukraina. Ho har vore ein sentral ressurs som tolk, støttespelar og organisert frivillig arbeid og dermed styrkt fellesskapet på tvers av kulturar.

Hjelpesendingar frå Bømlo til Ukraina

brannmenn med hydraulisk utstyr - Klikk for stort bileteBeredskapsleiar Frode Sagvaag og brannsjef Ove Halleraker med hydraulisk redningsutstyr frå Bømlo brann og redning som skal sendast til Ukraina. Simon Knutsson Sortland

Engasjementet handlar ikkje berre om integrering her heime. Gjennom Bømlo frivilligsentral, organisasjonen Barn frå Ukraina og privatpersonar med fleire har både ukrainarar og bømlingar sendt ei rekkje hjelpesendingar til krigsråka område.

Sidan 2022 har Bømlo sendt fleire lastar med:

  • klede og sko
  • hygieneartiklar og medisinsk utstyr
  • madrassar, rullestolar og sjukehussenger
  • aggregat og vedomnar
  • leiker og julegåver til barn

Dette arbeidet har halde fram år etter år og viser kor sterkt engasjementet er i lokalsamfunnet. Særleg verdt å nemne er alle kamuflasjenetta ukrainarane sjølv har laga i gymsalen til gamle BUS og sendt av garde til heimlandet som del av motstandskampen og krigsinnsatsen.

Arbeid, utdanning og deltaking

Mange av dei ukrainske innbyggjarane på Bømlo har gått raskt inn i arbeid, utdanning og frivilligheit. Dei bidreg i helse, service, industri, barnehage og skule . Dei er blitt ein viktig del av kvardagslivet i kommunen.

Barn og unge har funne sin plass i skular, idrettslag og kulturliv, og har skapt nye vennskap og nye fellesskap.

Fire år med fellesskap

barn og vaksne i gruppe med teikningar og ukrainsk flagg - Klikk for stort bileteFolk frå Ukraina feira nasjonaldagen sin på Bømlo. Simon Knutsson Sortland

Fire år er lenge. Det krev tålmod, samarbeid og vilje til å sjå kvarandre som naboar, ikkje berre som flyktningar og vertskap. Bømlo har vist at små lokalsamfunn kan vere store i handling. 

Bømlo er eit lokalsamfunn som tok imot, og som framleis står saman i dag og i tida som kjem.

I kveld er det open Solidaritetsmarkering for Ukraina - ei markering av fire år med krig og ein kveld for minne, fellesskap og støtte. Det skjer på Røde Kors-huset på gamle Steinsbø skule klokka 18.00.

Krigen i Ukraina – faktaboks (per februar 2026)

Krigen i Ukraina starta 24.  februar 2022 då Russland invaderte landet i stor skala. Dette er den største væpna konflikten i Europa sidan andre verdskrigen, og krigen er no inne i sitt femte år utan teikn til nokon snarleg slutt. Konflikten har ført til ei alvorleg humanitær krise der over 5,9 millionar ukrainarar har flykta til utlandet, og om lag 3,7 millionar er internt fordrivne i Ukraina. Dette er ein pågåande krig utan fredsavtale. Russland kontrollerer om lag 19% av Ukrainas territorium

Kjelder Co-Pilot: FN (OCHA/UNHCR), FN sin menneskerettskommisjon, ISW, og Associated Press/CBC News.