- Flott at folk ryddar - men dei må vere forsiktige

Stormen Amy lot seg merke også på Bømlo i helga, med mellom anna fleire trevelt som sperra vegar. Teknisk drift sine folk var ute på fleire oppdrag, men fleire stader hadde driftige privatpersonar rydda opp.

nedblåst tre sperrar veg - Klikk for stort bileteStormen Amy velta fleire tre, som her i Rekkje. Driftsavdelinga Bømlo kommune

- Me måtte ut til Rekkje og Røyksundsvegen i Håvik og ordna opp etter stormen, medan andre stader som til dømes Storesvingen i Rubbestadneset og på Andal hadde privatfolk rydda før me kom fram. Det set me stor pris på, men folk må vere varsame med slikt arbeid i sterk vind og mørke, seier verksemdsleiar Vardan Vardanyan i teknisk drift. Dei var også ute og fjerna eit tre som låg oppå eit rekkverk på Gilje. Tre som fell over straumførande kraftlinjer er det kraftlaget som skal ta seg av.

Teknisk drift har berre vinterberedskap for vegane, men vil fortsetje oppryddingsarbeid ut i neste veke. 

sperrekjegler for å trygga veg - Klikk for stort bileteDel av Røyksundsvegen ved Håvik måtte sikrast etter AMY-stormen. Driftsavdelinga Bømlo kommune