Flott juleavslutning for Bømlo vaksenopplæring

Bømlo vaksenopplæring hadde flytta juleavslutninga si til kommunestyresalen i år. Ordførar Morten Helland la i si helsing vekt på at i jula er det ekstra viktig å passa godt på kvarandre.

juletre og folk i matkø - Klikk for stort bileteFlott julepynta kommunestyresal og god mat for deltakarane på Bømlo vaksenopplæring si juleavslutning. Simon Knutsson Sortland to festkledde kvinner ved juleavslutning - Klikk for stort bileteNazreit (t.v) og Nataliia leia festen då Bømlo vaksenopplæring hjadde si juleavslutning i kommunestyresalen. Simon Knutsson Sortland

Festen vart flott leia av Nazreit frå Eritrea og Nataliia frå Ukraina. Dei gav ordet til ordføraren og etter hans helsing var det også godord frå kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter og kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer.  Tolkar var Yuliia Khilinska og Othman Edrees.

Det var hyggelege innslag med tradisjonelle julesongar, musikk og dans frå Syria og Eritrea. Det var dekka til eit fantastisk julelunsbord der alle deltakarane bidrog med mat frå heile verda.

Rektor Kari Friis Sortland avrunda den fine stunda med ei varm helsing før dei avslutta med juletregang.

mange folk samla i sal til juleavslutning - Klikk for stort bileteOrdførar Morten Helland helsa velkomen og vart tolka av Yuliia Khilinska og Othman Edrees på Bømlo vaksenopplæring si juleavslutning i kommunestyresalen. Simon Knutsson Sortland