- Flytt før du blir flytta

- Husbanken har gode ordningar for å hjelpa til med å tilpassa busituasjonen din når du vert eldre. Me må alle ta meir ansvar for eigen busituasjon framover. Det er betre å flytta før du blir flytta.

stor forsamling under føredrag med man på talarstol og bilete på storskjerm - Klikk for stort bileteOrdførar Morten Helland kom mellom anna inn på planane for eit nytt bustadprosjekt i Mosterhamn i sitt føredrag på temadagen "Bu trygt heime" som samla omlag 100 tilhøyrarar i ommunestyresalen torsdag. Simon Knutsson Sortland

Direktør Bjarte Bø Alrek i Husbanken hadde ei informativt og humoristisk gjennomgang av ulike ordningar med lån og tilskot dei gir til private og kommunar. Han utfordra den godt vaksne forsamlinga om gamle vaner og haldningar om at ein skal avslutta livet gjeldfri og å måtta eige sin eigen bustad. 

- Mange eldre bur i ueigna bustader, særleg i distrikta. Regjeringa har innført Eldrebustadprogrammet som Husbanken har fått hovudansvaret for. Målet er å bidra til at alle har tilgang til ein høveleg bustad i eit aldersvennleg bumiljø. Dette skal Husbanken gjere i samarbeid med mange andre, ikkje minst kommunane, sa Alrek.

Sjef i eige liv

- Den einskilde innbyggjaren i Bømlo kommune er den rette til å ta eigne val og har i stor grad høve til å påverke kor ein skal bu og korleis - heldigvis. I ulike livsfasar kan det vere bra å gjere vurderingar på om ein skal gjere tilretteleggingar i eige hus, i omgjevnadene der ein bur eller om ein skal tenkje på å flytte til ein annan bustad og eit område som er betre tilrettelagt for den livsfasen ein er i. Å påverke at ein bur i eit nærmiljø som er generasjonsvennleg og godt tilrettelagt for alle aldrar er også del av dette, seier kommunalsjef helse, sosial og omsorg Kjell Magnar Mellesdal.

Bømlo Pensjonistforbund, Eldrerådet og Bømlo kommune inviterte til temadag om «Bu trygt heime» torsdag. Dei omlag hundre frammøtte fekk god og relevant kunnskap som kan bidra til at dei kan ta dei vala som vil vere gode og rette for seg. Det samfunnsmessige perspektivet om å arbeide for at nærmiljø som er både alders- og generasjonsvennleg er også viktig, men fekk ikkje hovudfokus på denne samlinga.

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter og ordførar Morten Helland hadde innleiingsføredraga etter lunsjen. Etter Husbanken sitt innlegg orienterte rådgjevarane John Helge Møgster og Bente Sæverud om Startlån og bustøtte som kommunen administrerer.

Startlån

- Det er ikkje aldersgrense for å søkja Startlån, og det kan og bli gitt avdragsfridom. Så om du er 18 eller 80 år betyr ikkje noko, då det er bustaden me tek pant i, understreka Møgster.

Sjå Startlån og tilskot frå Husbanken

Hans Magne Nesse Stokka frå Steinsbø hus presenterte på vegne av byggjenæringa i kommunen ulike bustadprosjekt innanfor temaet. Før panelsamtalen tok styreleiar Anne Petra Halleraker i Storavatnet burettslag til orde for at kommunen kjøper opp alle leilegheitane i gamle Steinsbø skule som alternativ til å byggja nye omsorgsbustadar.

Panelsamtalen dreia seg om kva bustadval deltakarane har gjort og kvifor. Bjarne Kristiansen, Åge Grutle, Berit Laila Ersland og Gunn Lægreid Haldorsen sat i panelet og samtala om sine historiar leia av dagens konferansier Haldri Karin Engenes. Å tenkje framtida no og ikkje om ti år, felles bumiljø og mykje anna var dei innom.

Dei frammøtte fekk også nyta musikk av Svanhild orkester og innlagt trim ved verksemdsleiar Kathrine Tislevoll Nygård. 

Eldreboligprogrammet 

«Eldreboligprogrammet er ein del av regjeringa si eldrereform "Bu trygt heime". Programmet skal bidra til at alle har tilgang til ein høveleg bustad i eit aldersvennleg bumiljø. Husbanken har det overordna ansvaret for å gjennomføre programmet, i tett samarbeid med andre aktørar.» 

Info frå Husbanken