Frå 1. januar 2025 har regjeringa innført ei ordning som gjer det mogleg å få sletta 25000 kroner av studielånet årleg for dei som bur i ein av dei minst sentrale kommunane i Noreg, inkludert Bømlo.
Samling yrkesutøvarar i Bømlo kommune.Gjeld dette meg?
For å kvalifisere til denne ordninga må du:
- Vere busett i Bømlo kommune i minst eitt år.
- Vere yrkesaktiv etter at du har starta å nedbetale studielånet.
Fordelar for nyutdanna
Denne ordninga er spesielt gunstig for nyutdanna som ønskjer å etablere seg i distrikta. Ved å flytte til Bømlo kan du spara fleire hundre tusen kroner over tid, noko som kan gi ein god start på arbeidslivet og økonomisk tryggleik. Oppteningsperioden startar frå 1. januar 2025, og du kan få sletta delar av studielånet kvart år til det er nedbetalt. Dette tiltaket er ein del av regjeringa si satsing på å styrke kompetansen og busettinga i distrikta.
Kvifor Bømlo?
Bømlo kommune byr på vakker natur, eit rikt kulturliv og gode moglegheiter for arbeid innan ulike sektorar. Ved å flytta til oss kan du ikkje berre nyte godt av økonomiske fordelar, men også oppleve ein høg livskvalitet i eit trygt og inkluderande lokalsamfunn.
Så, kva ventar du på? Ta steget og flytt til Bømlo – det kan lønne seg på fleire måtar!
Sjå våre ledige stillingar