Foldrøy-bygda kjempar for skulen

Over 150 bygdefolk stilte på folkemøte om skulebruksplanen i gymsalen på Foldrøy skule onsdag 2. februar. Trass framlegg om nedlegging var det god tone og saklege argument og innspel som møtte kommuneadministrasjon og folkevalde. Bygda si melding var klar - ikkje legg ned skulen vår.

Elevane hadde laga plakatar med tydelege bodskap dei frammøtte ikkje kunne unngå å få med seg. Dette poengterte også kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter. - Eg er glad for det store frammøtet og engasjementet de syner. Desse flotte plakatane er røysta til borna, og er ein viktig del av demokratiopplæringa deira. For me skal lytta til deira og dykkar meiningar og innspel her i kveld, sa Gjøsæter mellom anna.

Kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Bjørn Håvard Bjørklund presenterte skulebruksplanen 2021-2036 og gjorde greie for hovudtrekka i denne. - Foldrøy skule er den einaste skulen som vert føreslege nedlagt i denne rulleringa av skulebruksplanen, og me skjønar kor opprivande dette framlegget er  for bygda. Vår jobb er å sjå på skulestrukturen for å få ei meir berekraftig drift når elevtalet går ned, og då må både økonomi, fagtilbod, sosialt miljø og rekruttering vurderast. Administrasjonen gjer sine tilrådingar, men det er politikarane som avgjer til slutt, påpeika han. 

Fristen for å kome med innspel er 6. mars 2022.

Skulebruksplanen i Bømlo kommune 2021-2036

Foldrøy aktivitetspark

Dei folkevalde var godt representert i salen og fekk høyre saklege argument frå FAU, grendeutvalet og bygdefolket på kvifor skulen må få halda fram. Dei tok også ordet for å forsikra forsamlinga om at partiprogramma deira ikkje berre er tome ord.

- Skulen er sjølve hjarta og livsnerva i bygda, og miljøet og håpet for framtida er uløyseleg knytt til skulen. Det nye SFO-bygget som vart reist i 2018 og planane for ein aktivitetspark knytt til skuleområdet syner optimismen, som kommuneadministrasjon og politikarar har vore med og støtta opp om, vart det mellom anna peika på. Framlegg til kva som kan gjerast for å halda på optimismen og skapa vekst i bygda kom også fram. 

- Det er flott å sjå det store engasjementet. Administrasjonen gjer jobben sin når dei kjem med sine vurderingar og framlegg i skulebruksplanen. Me folkevalde ser også at det er meir enn berre økonomi og skulestruktur som må takast omsyn til. Me har ein vanskeleg jobb å vega ulike omsyn opp mot kvarandre, men me vil gjere vårt beste med å sjå heile kommunen under eitt, lova ordførar Sammy Olsen.

Til toppen