Folkeveksten held fram

Me tel no 12.287 bømlingar, ein auke på 19 personar frå siste kvartal i fjor. 

Folketalet per 1. kvartal 2024 i Bømlo kommune er 12.287. Fødselsoverskotet i fjor var på 15 personar, og netto tilflytting var 122 personar. 

Les meir om aldersfordeling, endringar og andre kommunefakta for Bømlo

Auke og nedgang i Sunnhordland

I dei åtte Sunnhordlandskommunane er folketalsveksten samla på 70 personar i første kvartal i år og tel no totalt 65 953 innbyggjarar. Austevoll og Stord med sine 30 nye innbyggjarar har størst vekst, medan Bømlo og Tysnes fekk 19 nye medborgarar. Fitjar hadde ein nedgang på 16 og og Etne med 12. Sveio og Kvinnherad hadde inga endring i folketalet siste kvartal. 

tabell med tal - Klikk for stort bileteTabell 1. kvartal 2024 i Sunnhordland.

Ukraina og fødselsoverskot

Folketalet i Noreg auka med 12 200 i 1. kvartal. Mykje av auken skuldast framleis innvandringar frå Ukraina. Ein auke i talet på fødde påverka også veksten. Ein auke i talet på fødde påverka også veksten. Ved utgangen av mars var folketalet i Noreg 5 562 350. Det var 18 900 innvandringar i 1. kvartal, medan det var 8 100 utvandringar. Det vart fødd 13 000 barn, og 11 600 døde. Dermed auka storleiken på befolkninga med 12 200 personar, viser nye tal frå statistikken Befolkning. Innvandring frå Ukraina er også dette kvartalet ein stor bidragsytar til den høge veksten.  

Fleire fødde enn same kvartal i fjor

13 025 barn vart fødd i første kvartal 2024. Det svarar til ein auke på om lag 700 barn frå same kvartal i fjor. Fødselstalet er likevel lågt samanlikna med same kvartal dei siste 25 åra. Fødselsratane steig for alle aldersgruppene det er vanleg å rekne fødselsratar for, med unntak av den yngste gruppa, frå 15–19 år.

– Dersom denne utviklinga held fram ut året, vil det samla fruktbarheitstalet stige i 2024, seier Magnus Haug, seniorrådgjevar i SSB.

At fleire utset å føde er ein trend vi har sett ei god stund no. Fødselsratane for kvinner over 35 år har stige dei 25 siste åra. Medan talet på fødslar i førstekvartal per kvinne i 20-åra har sokke i same periode.

Til toppen