Røykeforbod frå 1. januar 2026på ofentlege plassar utandørs.
Kunstig intelligens
Kva område gjeld forbodet?
Leikeplassar: Alle utandørs leikeplassar som er opne for allmenta. Leikeplass er eit område som enten er opparbeida eller naturleg, som er tilgjengelig og tilrettelagt for barns leik. Dette inkluderer leikeplassar i nabolag.
Idrettsområde: Alle område som er opparbeidde for eller tilpassa idrett, til dømes fotballbanar og friidrettsanlegg. Forbodet gjeld også når områda blir brukte til andre formål, som konsertar eller markeringar
Kven har ansvar?
Den som eig eller driv området, har ansvar for at røykeforbodet blir fulgt. Der det kan vere tvil, skal det setjast opp tydeleg skilting som viser at røyking er forbode.
Den ansvarlege kan be personar om å slutta å røyka og har høve til å vise bort dei som bryt forbodet.
Kommunalt tilsyn og sanksjonar
Kommunen kan gje pålegg om retting og tvangsmulkt ved brot på røykeforbodet. Reaksjonar blir retta mot den ansvarlege for området, ikkje den enkelte røykar.
Bakgrunn for forbodet
Stortinget vedtok i juni 2025 å innføra røykeforbod på leikeplassar og utandørs idrettsområde. I tillegg vart det innført forbod mot røyking i private køyretøy når barn under 18 år er til stades. Politiet fører tilsyn med forbodet om røyking i bil.
Kommunen sender ut informasjon til mellom anna idrettsklubbar og barnehagar om forbodet og ber resten av befolkninga om å vere merksam på gjeldande rett i sine nærområde.