Digitalisering, habilitering og institusjonsplassar
Etter digitaliseringsansvarleg Yngvar Brekke orienterte formannskapet om kva som er gjort av digitalisering og kvifor fram til no overtok rådgjevar helse og omsorg Jorunn Jacobsen Folgerø-Holm. Ho orienterte om Habiliteringstenesta i framtida der me står føre store utfordringar med rekruttering. No er det tid for å gjennomføra. Dette må politikarar og administrasjon stå saman om og i, for endringsbehova blir særs krevjande. Ho mana til at det gode samarbeidet må halda fram, om koplinga til budsjett og handlingsplanen. Sentrale punkt i denne er mellom anna rekruttering og kompetanse, digital- og velferdsteknologi, tenestekvalitet, pårørandekontakt, organisering og bustadstruktur.
Kommunalsjef Kjell Magnar Mellesdal orienterte om planarbeidet i helse, sosial og omsorgssektoren og om institusjonsplassar. Han understreka at dette er eit kontinuerleg arbeid som også har pågått lenge. Det er i hovudsak demografisk utvikling med færre arbeidstakarar og fleire eldre, samt kommunen sin økonomiske situasjon. Han presenterte fire ulike modellar for organisering av institusjonsplassar. Samla reduksjon av kostnadsnivå i seksjonen er på 10,5 millionar kroner.
Verksemdsleiar Monica Smedsrud orienterte formannskapet om mandat 42 i handlingsplanen for HSO.Verksemdsleiar Monica Smedsrud med ansvar for Bømlo bu og helsesenter, Teiglandshagen og Søre Bømlo omsorgstun gav ei meir detaljert orientering om bakgrunnen og arbeidet i arbeidsgruppa som jobbar med mandat 42. Dette er å vurdera å redusera kapasitet på institusjonsplassar/endring i drift for å vri ressursar mot tiltak til heimebuande og andre prioriterte førebyggjande oppgåver der ein i dag ikkje har kapasitet/ tilbod. Gjera ei samla vurdering av tilbod på langtidsplassar, kortidsplassar, rehabilitering og avlastning. I denne samanheng utgreia etablering av meir spesialiserte plassar for enkelte diagnosegrupper, forsterka skjerma eining og øyremerka palliativt tilbod.
- Me må sjå på innhaldet i sjukeheimstilbodet, tal plassar og samlokalisering. Sjølv med auka tal eldre tilrår gruppa ikjke fleire sjukeheimsplassar, men å styrka heimetenestene, aktivitetstilbod og fleksible avlastingstilbod, påpeika Smedsrud.
- Dette var gode og informative orienteringar. Me må ha tillit til at det vert gjort gode saksførebuingar frå administrasjonen, sa ordførar Morten Helland.
Kommunedelplan kultur
Rådgjevar kultur Elisabeth Holme Grønnevik orienterte om arbeidet med kommunedelplan for kultur, idrett og frivilligheit. Ho poengterte at det er stor kultur- og idrettsaktivitet i kommunen. I planen vil det bli fokusert på å styrka eksisterande bygg og anlegg, og korleis utnytta kompetansen som finst blant friviljuge. Ho orienterte om innsamling av data og kunnskapsgrunnlaget som no ligg til grunn for planarbeidet, samt vidare framdriftsplan.
Tema dei tek opp er mellom anna kulturarbeidsplassar, gode opplevingar, deltaking i frivillig organisasjonsliv og demokratibygging, gje gode rammevilkår for innbyggjarane våre, kultur og fritidstilbod, samt aktivitetar og anlegg/arenaer.
Kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund ynskte tilbakemeldingar frå formannskapet om korleis dei ynskjer dette arbeidet skal riggast framover. Korleis måla verdien av kultur, idrett og frivilligheit - og kva skal kommunen gjere er viktige spørsmål. Kva vil me med kulturpolitikken i Bømlo, og korleis gjere dette i møte med dårleg kommuneøkonomi, er eit anna viktig spørsmål. Bjørklund peika på at kommunen sine planar må henge saman med regionale planar.
- Me ynskjer å ha samsvar mellom ambisjonsnivå og økonomiske realitetar, samt tilbakemeldingar på tema me har skissert, påpeika han.
- Bømlo har eit enorm rikt kultur- og organisasjonsliv. Me må anerkjenna initativ, kan det vere noko å ha med i planen, sa ordførar Morten Helland.