Første møte i kommunalt beredskapsråd

Ordførar Morten Helland og kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter leia det første møtet i det nyetablerte kommunale beredskapsrådet fredag 24. oktober. Beredskapsråd er ein sentral del av Totalberedskapsmeldinga 2024-2025 “Førebudd på kriser og krig” som regjeringa la fram i januar.

politimann orienterer i møte - Klikk for stort biletePolitistasjonssjef Odd harald Hovland orienterte om Totalberedskapsmeldinga han var med på å vedta som stortingsrepresentant. Simon Knutsson Sortland

 - No i starten ser me størst verdi av eit kommunalt beredskapsråd enn eit interkommunalt. Me vil i større grad enn tidlegare trekkje inn næringslivet og frivilligheita i beredskapsarbeidet i tillegg til dei som jobbar med beredskap i det daglege, sa ordførar Morten Helland då han opna det første kommunale beredskapsrådet. Her deltok blålysetatane og representantar for sivilforsvaret, heimevernet, næringslivet og friviljuge i tillegg til kommunen.

I si innleiing orienterte ordføraren kort om bakgrunnen nedfelt i Totalberedskapsmeldinga 2024-2025 “Førebudd på kriser og krig”. Helland peika på viktigheita av lokalt samvirke og  der kommunen si rolle vil vere pådrivar og samordnar, jobba for å skapa ei felles situasjonsforståing på lokalt nivå og ei effektiv informasjonsutvikling.

Verst tenkelege scenarier

 Tidlegare stortingsrepresentant i justiskomiteen og politistasjonssjef Odd Harald Hovland orienterte om bakgrunnen for og arbeidet med Totalberedskapsmeldinga 2024-2025 “Førebudd på kriser og krig”. Hovland peika på at regjeringa i meldinga sette retninga for ei omlegging av den sivile delen av totalforsvaret og for den sivile motstandskrafta. 

Meldinga understrekar at Noreg skal styrkje beredskapen ved å inkludere offentlege aktørar, Forsvaret, private selskap, frivillige organisasjonar, forskingsmiljø og innbyggjarar. Dette er viktig fordi trusselbiletet har endra seg drastisk. Klimautfordringar, politisk polarisering, pandemiar, væpna konfliktar og dataangrep kjenner ingen grenser. Desse utfordringane kan ikkje løysast av éin organisasjon eller sektor åleine – dei krev samarbeid frå heile samfunnet.

- Utgangspunktet er dei verst tenkelege scenario om krig ulukker og ekstremvêr. Er me førebudd på det verste er me betre i stand til å takla alt det som kjem før. Det er avgjerande at samfunnet ikkje går i kne om me møter stadige hndingar i form av større ulukker og ekstremvêr. Me må ha ein mental beredskap og vene til å gjere dei rette tinga umiddelbart når krisen treff. Dette er samfunnet si forventning til oss, understreka Hovland.

Hovudmålet med Totalberedskapsmeldinga er at sivilsamfunnet må vere førebudd på kriser og krig. Me må ha motstandskraft mot samansette trugslar og me må understøtta den militære innsatsen gjennom sivil beredskap. - Hovudbodskapen er at sivilsamfunnet må fungera for å halde oppe Forsvaret si evne til å forsvara oss. Det betyr at vegar må vere opne, sjukehusa må ha tilnærma normal drift, butikkar og barnehagar må vere opne, påpeika Hovland. Vår tidlegare ordførar la til at det er lista opp over 100 tiltak i meldinga. Den nye beredskapsrådsstrukturen i meldinga skal sikra god samordning og samarbeid på tvers av sektorar og nivå i samfunnet.

- Alt kan skje

mann orienterer for folk rundt møtebord - Klikk for stort bileteKommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter orienterte om beredskapen i Bømlo kommune for det nyetablerte kommunale beredskapsrådet. Simon Knutsson Sortland

- Utfordringa vår er enkel - alt kan skje, sa kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter i si orientering om det kommunale beredskapsrådet. Han gjekk gjennom ulike hendingar, læringspunkt og samhandling dei seinare åra. Hovudjobben er å sikra at kommunen i størst mogleg grad har førebudd seg på dei situasjonar som kan og/eller vil oppstå. 

Kommunedirektøren tok det kommunale beredskapsrådet med på ulike beredskapahendingar dei siste fem-ti åra med brann, ulukker, ekstremvêr og trugslar av ulik storleik. Ungdom og trafikk, skogbrannar, stormskadar med straumbortfall og brustengingar var blant tema. Aga Gjøsæter peika på den gode samhandlinga mellom blålysetane, kommunen, friviljuge, næringsliv, Sivilforsvar og Heimevern. 

- Må det vere slik at "alt må gå gale først", spurte han og svara sjølv. Me har gode planar og er godt samkøyrde, men me lærer noko nytt kvar gong. Kommunikasjon er alltid svært vanskeleg i slike situasjonar. Kva nivå skal me leggja oss på, kva kan me seie og kva kan me ikkje seie? Eg er glad for at i Bømlo spelar alle på lag, for me bur på ei øy og er sårbare.

Vegen vidare

Ordføraren avrunda med å minna om at neste år er Totalforsvarsåret 2026. Han opna opp for diskusjon om vegen vidare for det kommunale beredskapsrådet. Kven skal vere med, kva skal det prioritere, kor mange møter skal dei ha årleg og andre praktiske spørsmål. Blant innspela leiingsa tek med seg vidare er å skaffa ein større ressursoversikt som dei ulik ekan bidra med frå næringsliv og friviljuge, samt øvingar.

- Takk for eit godt møte. Neste møte ser eg for meg vert etter regjeringa legg fram trusselvurderingar i mars neste år, avslutta ordførar Morten Helland.

sivile og uniformerte personar rundt møtebord - Klikk for stort bileteOrdførar Morten Helland og kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter var vertskap for det første møtet i nyetablerte Kommunalt beredskapsråd 24.10.2025. Simon Knutsson Sortland