Arne Ekornsæter freista kutta snora med bilsaksa utan å lukkast. I spenning ventar kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter (t.v), brannførebyggjarane Lena Aakre Aarland og Andreas Salomonsen, brannsjef Ove Halleraker og ordførar Morten Helland.
Simon Knutsson Sortland
- Ei stor men heilt uventa ære, seier en særs overraska Arne Ekornsæter som vart teken heilt på senga når brannsjef Ove Halleraker i Bømlo brann og redning ringde og inviterte han til stasjonen på Svortland. Brannsjefen var vennleg men bestemt, og utan å ana kva som venta han stilte Arne på brannstasjonen klokka 12.00 på fredag.
- Gjer oss betre
Han gjorde store auge då sjølvaste ordførar Morten Helland med ordførakjede ynskte velkomen saman med kommunedirektør og initiativtakar Kjetil Aga Gjøsæter. Brannsjefen hadde også med seg beredskapsleiar Frode Sagvåg, brannførebyggjarane Lena Aakre Aarland og Andreas Salomonsen.
- Kva er dette? Eg er jo berre ein gamal og gretten gubbe, ler Arne som passande nok har på seg ei t-skjorte på seg med namnehistorikken til Ekornsæter då han får satt seg og motteke ein rykande fersk kopp kaffi frå brannsjefen.
- Ditt brennande engasjement for brannstasjonen har ikkje gått oss på rådhuset hus forbi, og du har varmt framsnakka brannstasjonen i alle samanhengar, rosar kommunedirektør Aga Gjøsæter.
Open dag frå klokka 12.00
- Du veit eg er alltid på jakt etter å få ein betre dialog og kommunikasjon med innbyggjarane våre, både ros og ris, seier ordførar Helland. Du har på ditt vis gjort ein god brannstasjon enno betre.
- Jo, takk for det. Men å ha ein open dag vert vel dyrt, særleg no når de er på ROBEK-lista.
- Det er sant nok, men no har det seg slik at vår avtroppande økonomisjef Jarle Nakken har påpeikt ein feil i utrekninga frå konkursbuet slik at dividenden til Bømlo kommune vart lang høgare enn først rekna med. Då fann me ut at me må unna oss litt i ein elles vanskeleg og uroleg kvardag, svara Helland.
Han la til at vår ivrige brannsjef har vore på ein liten men effektiv sponsortur til det fantastiske næringslivet vår. Dei tilsette spyttar også i ein skjerv ved at alle fagforeiningane og Velferdsklubben bidreg. Difor vert det nok kake, som er laga og delvis sponsa av Viergo, og kaffi til alle som møter opp i dag mellom klokka 12.00 og 15.00.
T-skjorteteksten til Arne med Ekornsæter sin namnehistorikk.Kulturelle innslag
- Bømlo kulturskule og ein kjend lokal artist har også lova å bidra med kulturelle innslag. Me skulle gjerne hatt med Bjørnis også, men han er ute på eit oppdrag i ein barnehage så me klarte ikkje å få han med, seier Halleraker.
På same måte som han gav Ekornsæter ein grundig omvisningstur får du også prøva deg på å skli ned brannstanga.
Kommunal namnepraksis
- Vår grafiske profil og tradisjonelle namnepraksis for skilting av bygg tilseier at me ikkje nyttar personnamn. Du finn dette att på møteromma Siggjo og Brømsund på BBH, til dømes, eller Viefluno og Barodden på Rådhuset, opplyser kommunikasjonsrådgjevar Simon Knutsson Sortland.
- Ja, me har eitt anna møterom me også treng eit namn til. Men då må informasjonssjefen kanskje tenkja nytt om namnepraksisen, seier brannsjef Halleraker halvt på fleip.
Juksa med snorklyppinga
- Eg reiser diverre til Syden i morgon, men varaordførar Ragnfrid Sønstabø vil leia Open dag på brannstasjonen saman med brannsjefen på onsdag, seier Helland.
Siste post på fredagens program var snorklypping.
Brannsjefen ville først freista med bilsaksa, og trass iherdig innsats frå dagens heidergjest var snora like heil etter eit halvt minutt med bråk og røyk. Beredskapsleiar Frode Sagvåg føreslo ei avbitartang, som viste seg ueigna til dette føremålet. Heller ikkje den minste avbitartanga gjorde nytta. Dermed vart det henta ei saks frå brannsjefen sitt kontor - og dermed fekk Arne Ekornsærter klyppa snora til applaus og jubel frå dei frammøtte. Og møterommet Ekornsæter offisielt innvigd.
Sjå videoar frå snorklyppinga (NB: Hugs lyd!)
Sjå video frå snorklyppinga (NB: Hugs lyd!)