Verdsdagen for lindrande behandling - 14. oktober
Kvart år i oktober vert det sett fokus på palliasjon – det vil seia lindrande behandling og omsorg for menneske som lever med alvorleg sjukdom. Målet er å auka kunnskapen og medvitet både i befolkninga og i helsetenesta.
Temaet for 2025 er: «Nærmiljø som bryr seg – du kan bety noko for naboen din». Dette peikar på kor viktig det er med støtte frå dei rundt, og at alle kan spela ei rolle i å skapa eit omsorgsfullt nærmiljø.
Dagen vert markert på ulike måtar over heile landet, til dømes med:
- Standar på sjukehus og helsesenter
- Foredrag, samtalar og musikkinnslag
- Undervisning om korleis ein kan ta vare på pasientar og pårørande
- Sosiale samlingar som vaffellunsj og refleksjonsaktivitetar
Palliasjon handlar om å gi best mogleg livskvalitet gjennom heile sjukdomsforløpet – ikkje berre i livets sluttfase. Det omfattar både fysisk, psykisk, sosial og åndeleg støtte.