Dagleg leiar Arnhild Tveita-Larsen i Bømlo opplæringskontor rienterte om vegen inn i arbeidslivet for ungdom.
Simon Knutsson Sortland
Saman med Opplæringskontoret, Rettleiingstenesta, NAV og vaksenopplæringa samla onsdag morgon næringsliv og samarbeidspartnarar til frukostmøte i kommunestyresalen på Bømlo rådhus. Temaet var korleis bedrifter kan sikre seg flinke folk gjennom blant anna lærlingordninga, arbeidspraksis og ulike støtteordningar.
Vegen inn i arbeidslivet
Første innleiar var Arnhild Tveita-Larsen opplæringskontoret. Ho informerte om kva opplæringskontoret har å tilby bedrifter, kort om ulike vegar til fagbrev, og fordelar med å vere ein del av eit opplæringskontor som støtter bedrifta og lærlingen gjennom heile løpet. Deltakarane fekk også høyre erfaringar frå Bremnes Seashore ved Chris Andrè Elvik om korleis dei jobbar med lærlingar i praksis, og kva opplæringskontoret har bidratt med hos dei.
Asbjørn Mæland frå Rettleiingstenesta Vestland fortalde vidare om fylkeskommunen si rolle i fagopplæringa og korleis dei samarbeider med lærebedrifter. Han hadde fokus på kva midlar dei har til disposisjon dersom det er behov for ekstra oppfølging av lærlingar eller behov for styrking i oppstarten, og kvar desse midlane overlappar eller blir brukt saman med NAV sine midlar.
Frå NAV Bømlo orienterte Jens Erik N. Hansen om fleire av deira tilbod og ordningar.
Simon Knutsson Sortland
Ynskjer fleire bedrifter tilbyr unge sommarjobb
Frå NAV Bømlo orienterte Jens Erik N. Hansen om fleire av deira tilbod og om ordningar knytta opp mot det som Asbjørn foralde om. Vidare hadde Jens Erik ekstra fokus på at dei ønskjer å få fleire bedrifter med på sommarjobb ordninga deira, der dei kan støtte bedrifter økonomisk om dei tar inn unge som har utfordringar med å få sommarjobb. Han reklamerte og for arbeidsplassen.no som er Noregs største side for ledige stillingar.
Sjå også Sommarjobb i Vest
Maren Laurhammer Gilje og Betina Skovly Kråkenes frå Bømlo Vaksenopplæring viste så korleis dei jobbar med flyktningar i introduksjonsprogrammet på veg til ein fast jobb i lokalt næringsliv. Dei viste fram to konkrete eksempler kor deltakarar frå dei har enda opp med fast jobb i Zinus og Bømlo kommune etter praksis og overgangsperiode med støtte i frå NAV.
Maren Laurhammer Gilje og Betina Skovly Kråkenes (t.h) frå Bømlo Vaksenopplæring viste korleis dei jobbar med flyktningar frå introduksjonsprogram til ein fast jobb.
Simon Knutsson Sortland
Det vart tydeleg på møtet at verktøya og ordningane for å få fleire inn i arbeidslivet er på plass. Alle aktørane understreka at dei gjerne tar ein uforpliktande prat med bedriftene, og at dei kan tilpasse løpet til behov og kapasitet i dei ulike bedriftene. Her er det gode moglegheiter for næringslivet til å få hjelp til å løyse noko av rekrutteringsutfordringane som dei fleste no opplever, og kjem til å oppleve enno meir av i framtida.
(Tekst: Bømlo opplæringskontor)
Dagleg leiar Ragnfrid Sønstabø ynskte velkomen til Bømlo Næringsråd sitt frukostmøte om rekruttering.
Simon Knutsson Sortland